Hopp til innhold

«Stillehavets dronning» arrestert igjen i Mexico

Meksikanske Sandra Avila Beltran (52), med kallenamnet «Stillehavets dronning», vart arrestert då ho vart deportert frå USA til Mexico tysdag.

Sandra Avila Beltran arrestert i Mexico.

Sandra Avila Beltran vart arrestert då ho kom til den internasjonale flyplassen i Mexico by tysdag.

Foto: HANDOUT / Reuters

Ho vart først arrestert i Mexico i 2007, før ho vart utlevert til USA i august i fjor. Ho vart skulda for å ha vore sentral i oppbygginga av det illgjetne Sinaloa-kartellet på 1990-talet saman med Joaqin «Shorty» Guzman, den mest ettersøkte narkobaronen i Mexico.

"Stillehavets dronning", Sandra Avila Beltran.

Sandra Avila Beltran er den mest myteomspunne kvinnelege kriminelle i Mexico.

Foto: Uncredited / Ap

Avila Beltran er niesa til Miguel Angel Felix Gallardo, ein annan av toppfigurane i dei meksikanske narkokartella. Han sonar for tida ein dom på 40 års fengsel for å ha drepe ein amerikansk politimann.

Nye smuglingsruter

Avila Beltran fekk kallenamnet «Stillehavets dronning» fordi ho etablerte fleire nye smuglingsruter for narkotika langs den meksikanske stillehavskysten til California. Ho er ein av dei mest mytiske kriminelle i Mexico, og den klart mest kjende kvinnelege banditten i Mexico.

Kallenamnet er henta frå ei såkalla narkoballade, «nacocorrido», ein slags undergrunns popmusikk som er populær blant kriminelle, spesielt i narkotikamiljøa. Livet hennar som hardkokt kriminell har også vore modell for ein populær meksikansk såpeopera.

Sandra Avila Beltran på veg ned flytrappa Mexico by.

Sandra Avila Beltran på veg ned flytrappa i Mexico by saman med ei gruppe narkospanarar.

Foto: HANDOUT / Reuters

Sandra Avila Beltran har vedgått at ho kjenner mange av dei meksikanske narkobaronane, men ho nektar for å ha delteke i narkotikabrotsverk sjølv. Ho har tent pengane sine på interesser i eigedomsbransjen og i moteindustrien, seier ho.

Frikjend i meksikansk rett

Ho vart dømd til 70 månaders fengsel ved ein domstol i Florida i fjor, men vart altså deportert til Mexico City tysdag. Her vart ho straks arrestert av meksikansk politi, sikta for kvitvasking av pengar.

Kvitvaskingsaka vart suspendert då ho vart utlevert til USA, men blir altså no teken opp att. Då narkodronninga vart arrestert for første gong for seks år sidan tok politiet beslag i fleire luksusbilar, mange dyre smykke, eigedomar og 14 bankkontoar.

Narko-baronen Rafael Caro Quintero.

Amerikanske styresmakter har reagert sterkt på at den meksikanske narkobaronen Rafael Caro Quintero igjen er ein fri mann.

Foto: PGR / Afp

Ho vart frifunnen i det meksikanske rettssystemet, men vart likevel utlevert til USA. No har ho sona ferdig straffa si der, men vart straks arrestert då ho kom tilbake til heimlandet.

Rafael Caro Quintero

Dette skjer berre få dagar etter at USA reagerte sterkt på at den meksikanske narkobaronen Rafael Caro Quintero vart sett fri, etter å ha sona nesten 30 år av ein dom på 40 år for å ha gitt ordre om drapet på narkotikapolitimannen Enrique Camarena.

Avila Beltran var blant 129 meksikanarar som hadde sona i amerikanske fengsel, som vart sende tilbake til Mexico tysdag.

Sandra Avila sendt tilbake til Mexico.

Sandra Avila Beltran, også kalla «Stillehavets dronning», vart straks arrestert av meksikanske narkospanarar då ho kom tilbake til heimlandet.

Foto: HANDOUT / Reuters

LES OGSÅ: Narkokartell rekrutterer amerikanske soldater til drap

LES OGSÅ: Mexicos verste narkobande taper terreng

LES OGSÅ: Borgervernsgrupper i Mexico tar opp kampen mot narkotikakarteller

LES OGSÅ: Blodig fangeflukt - 17 drepne i fengsel i Mexico

SISTE NYTT

Siste nytt