– Gbagbo og nokre av medarbeidarane er sette i husarrest medan ein ventar på etterforskinga, seier justisminister Jeannot Ahoussou-Kouadio ifølgje nyheitsbyrået AFP.
Det er ikkje kome opplysningar om kvar han er flytta etter at han vart
måndag.Han vart ført til Hotel Golf, der den nye presidenten Alassane Ouattara har hatt sitt hovudkvarter, etter pågripinga. I går opplyste FN at Gbagbo framleis var på dette hotellet.
Månader med uro
Gbagbo vart pågripen etter ein periode med harde kampar og uro i landet etter at han tapte presidentvalet mot Ouattara i november i fjor, men avviste resultatet og nekta å gå av.
USA-president Barack Obama ringde tysdag kveld til Ouattara for å gratulere han med å ha teke over makta i Elfenbeinskysten.
Obama sa, ifølgje ei pressemelding frå Det kvite hus, at USA vil støtte han i arbeidet for å oppnå politisk forsoning, økonomisk utvikling og tryggleik i Elfenbeinskysten.
- Les:
Politisk samarbeid
EU oppfordrar samtidig Ouattara om å danne ei samlingsregjering i landet for å unngå ei politisk splitting.
I fråsegna frå EU heiter det at dei stiller seg bak initiativet for politisk forsoning, og at dei støttar forslaget om å setje ned ein nasjonal sannings- og forsoningskommisjon.
Dei oppfordrar samtidig Ouattara til å danne ei regjering som er brei og inkluderande, der alle regionar og politiske leirar er representerte.
- Les også: