Hopp til innhold

Gangsterbrud fekk åtte års fengsel

Den mangeårige venninna til den illgjetne gangsteren James «Whitey» Bulger, Catherine Greig, er dømd til åtte års fengsel av ein domstol i Boston.

Rettstegning av James Bulger og Catherine Greig

Rettsteikning av James Bulger og Catherine Greig.

Foto: Bill Robles / Reuters

61 år gamle Greig sa seg skuldig i titalen under rettssaka i mars. Ho var tiltalt for å ha hjelpt Bulger med å halde seg på flukt i 16 år, for å ha brukt falsk identitet og for å ha delteke i ein konspirasjon for å gjennomføre identitetssvindel.

Catherine Greig er dømd til fengsel i åtte år.

Catherine Greig var på flukt saman med James Bulger i 16 år.

Foto: Anonymous / Ap

Ho vart også dømd til å betale ei bot på 150.000 dollar, rundt 900.000 norske kroner. Etter tiltalen kunne ho risikert 15 års fengsel. Aktor bad om fengsel i 10 år, medan forsvararen meinte 27 månader kunne vere nok.

Ein av ti mest ettersøkte

82 år gamle James «Whitey» Bulger, som før han vart pågripen i fjor var på lista over dei ti mest ettersøkte i USA, skal stillast for retten seinare i år. Han er mistenkt for å ha delteke i minst 19 drap. Han var ein frontfigur innan organisert kriminalitet i Boston i delstaten Massachusetts.

Catherine Greig, ein tidlegare tannhygienikar og hundepassar, har vore saman med James Bulger i over 30 år. Først i 18 år som hemmeleg elskarinne medan Bulger budde saman med ei annan kvinne, Teresa Stanley. Deretter braut ho opp frå livet sitt i Massachusetts for å leve saman med Bulger på flukt frå politiet.

James Bulger

James 'Whitey' Bulger var ein legendarisk gangsterleiar i Boston, men også FBI-informant.

Foto: WBUR / Ap

Det amerikanske føderale politiet FBI har sagt at Bulger flykta frå Boston saman med Stanley i 1994, etter å ha fått eit tips om at FBI hadde planar om å arrestere og tiltale han.

Kontaktperson i FBI

Mannen som gav han tipset var FBI-agenten John Connolly Jr., som var Bulgers kontaktperson då Bulger gav verdfull informasjon til politiet om ei konkurrerande mafiagruppering. Connolly vart seinare dømd for å ha samarbeidd med mafiaen.

Etter nokre månader på flukt reiste James Bulger tilbake til Boston. Han skal ha teke med seg Teresa Stanley tilbake til heimbyen, og han reiste frå byen igjen saman med Catherine Reid.

Gangsterparet reiste mykje dei første åra på flukt, men etter kvart busette dei seg i Santa Monica i California under falske identitetar. I juni i fjor vart dei arresterte, få

Nokre av våpna som vart funne heime hos James Bulger.

Litt av våpenarsenalet som vart funne heime hos James Bulger og Catherine Greig i Santa Monica.

Foto: Anonymous / Ap

dagar etter at FBI hadde gått ut med ei omfattande, offentleg etterlysing av Catherine Greig.

Kontantar og våpen

LES OGSÅ: Beryktet gjengleder arrestert etter 16 år

Då dei vart pågripne fann politiet nesten fem millionar kroner i kontantar i huset deira, saman med over 30 ulike skytevåpen. Dei to gav seg ut for å vere eit pensjonert ektepar frå Chicago.

Det er uklart om Catherine Reid har inngått ein avtale med påtalemakta om å seie seg skuldig, og at ho som motyting skal sleppe å vitne mot James Bulger.

LES OGSÅ: Dette er "Whitey"s drapsliste

SISTE NYTT

Siste nytt