Det er få folk ute i Gazas gater, men innanfor veggane til Shifa-sjukehuset er det liv - men også død. Etter dei mange bombeangrepa på Gazastripa dei siste dagane har det rent inn med skadde og drepne til det overfylte sjukehuset. Det er på dette sjukehuset dei fleste av dei såra hamnar.
– I dag kom dette barnet på fem-seks år. Det har store traume etter angrepa, seier lege Sabahani og går bort til det hardt skadde barnet.
– Kvifor?
Han held fram med å vise NRK rundt på sjukehuset. Ein gut på fem år ligg alvorleg skadd, og eit anna barn på berre to år har også hamna på sjukehus etter at huset hennar vart bomba.
– Eg bryr meg ikkje om politikken i dette, og kven som eigentleg har skulda. Eg veit berre at dei som har hamna her er uskuldige. Særskild gjeld det kvinner og barn. Kvifor skjer dette? Kvifor, spør Sabahani.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Så langt skal meir enn 75 personar vere drepne i den oppblussa konflikten på Gaza, og over 600 personar er skadde. Ognatt til i dag var bombinga av Gazastripa på sitt mest intense sidan Israel starta sin offensiv tysdag.
– Kvar dag er meir utfordrande enn den forrige, seier ein av Sabahani sine kollegaer til NTB.
Manglar naudsynt utstyr
Dei medisinsk tilsette ved sjukehuset må gå lange skift, og behandle langt fleire pasientar enn dei eigentleg kan ta mot. Mangel på utstyr gjer jobben endå vanskelegare, og det er ein frustrert lege som svarer når NRK spør om lagerplassen.
– Kva meiner du med lagerplass? Alt står klart her, og det er meir enn nok plass, seier lege Sabahani, som trass i god plass må innsjå at utstyr, slik som bensin til ambulansar og aggregat, ikkje er å oppdrive i det konfliktherja området.
Raude halvmåne vart angripen
Raudekrossen meldte tidlegare i dag om at Raude Halvmåne sitt hovudkvarter på Gazastripa hadde blitt angripe. Det er førebels uklart kvifor frivillige som arbeidar for Raude Halvmåne har blitt utsette for angrep.
LES OGSÅ:
– Om dette er gjort med vilje, så er det eit brot på humanitær rett og heilt uakseptabelt. Krigens reglar seier at sivile og helsepersonell har krav på å bli beskytta i ei konflikt, og alle partar må gjere det dei kan for å gjere det trygt, seier president i Raudekrossen i Noreg, Sven Mollekleiv i ei pressemelding.
Det var Raude Halvmåne sitt kontor og ambulansesentral i Jabaliya i Nord-Gaza som vart truffe torsdag morgon. Organisasjonen samarbeider også med organisasjonen Magen David Adom, som står klare til å hjelpe på andre sida av konflikten, i Israel.