Hopp til innhold

Frikjent for mishandling fordi han kom frå ein bra familie – dømd i ankesaka

Leif «GW» Persson, høgprofilert svensk krimkommentator og forfattar, hadde denne kommentaren til dommen i Solna tingrett i mars: «En så jävla konstig dom har jag aldrig sett tidligare».

Leif «GW» Persson var ein av mange som reagerte sterkt på dommen i Solna tingrett i mars i år. No er dommen endra i Hovretten.

Ein 37 år gammal mann vart i mars i år frikjent i Solna tingrett for å ha mishandla kona si. Grunnen til frikjenninga var at han kom frå ein bra familie , og at han såleis var meir truverdig enn kona.

I dag fall avgjerda i ankesaka i Svea hovrett, tilsvarande vår lagmannsrett. Dommen var knusande. 37-åringen blir dømd til tre månaders fengsel for mishandling. Det heiter i dommen at kvinna verkar truverdig, og at hennar forklaring passar med dei skadane ho hadde og med bileta politiet tok etter mishandlinga.

Dommen i hovretten var samrøystes, ifølgje SVT .

Dissens i tingretten

Dei fire dommarane i Solna tingrett tidlegare i år var usamde om avgjerda. Den juridiske dommaren og ein av lekdommarane meinte 37-åringen var skuldig, medan dei to av lekdommarane gjekk inn for å frikjenne mannen.

Som følgje av at det stod 2–2 mellom dommarane, så seier lova at det skal vere til fordel for den tiltalte. Dermed kunne han forlate tingretten i Solna som ein fri mann.

Hovrettsdommar Claes Söderqvist skriv i ei pressemelding at dommen i dag «er ei tilpassing til det grunnleggjande prinsippet om at alle er like for lova».

Ein av dei to lekdommarane som gjekk inn for frifinning då saka var oppe i tingretten, sa den gongen at ho var trygg på at dommen var rettferdig.

– Eg har vore dommar i mange saker. I nokre saker har eg dømd til fordel for mannen, og i andre saker til fordel for kvinna. I denne saka har eg fylgt svensk lov, sa ho.

– Meir truverdig

I domspremissane gjekk det klart fram at fordi mannen kom frå ein bra familie, så var han meir truverdig enn kvinna. Her heiter det også at truverdet til kvinna vart mindre fordi ho melde mishandlingane til politiet i staden for å varsle slektningane til mannen.

Det står også i domspapira at det ikkje er uvanleg at kvinner lyg om å ha blitt trua og mishandla

Aktor anka saka på staden, og i dag var vart altså mannen dømd.

Ifølgje Leif «GW» Persson var ein av dei to lekdommarane som gjekk inn for frifinning, ein kvinneleg, radikal islamist.

– Denne dommen er meir fordomsfull enn nokon dom eg har sett tidlegare i mitt snart 50 år lange yrkesliv. Og eg har lest ein del tusen dommar, sa GW blant anna i kommentaren sin.

SISTE NYTT

Siste nytt