Hopp til innhold

Fransk kjendisbanditt flykta frå fengsel i helikopter

Den profilerte franske gangsteren Redoine Faid (45) greidde i dag å flykte frå eit fengsel sør for Paris etter å ha blitt henta ut med helikopter.

Fangeflukt i Paris.

Redoine Faid vart henta ut av fengselet med dette helikopteret. Det vart funne att utbrent nord for Paris.

Foto: Geoffroy Van Der Hasselt / AFP

Alt skjedde i løpet av få minutt. Det starta med at tre væpna menn tok seg inn hovudinngangen til fengselet og kravde at Faid skulle setjast fri. Samstundes landa eit helikopter inne i luftegarden til fengselet.

Faid sjølv oppheldt seg i besøksrommet då væpna menn storma inn og tok han med seg inn i helikopteret. Helikopteret letta og forsvann, utan at nokon gjorde noko forsøk på å stanse det, fortel kjelder i fengselet til nyheitsbyrået AFP.

Utbrent helikopter

Flukt frå fengsel i Paris.

Politi- og brannbilar på plass på staden der flukthelikopteret vart funne tidlegare i dag.

Foto: Geoffroy Van Der Hasselt / AFP

Helikopteret vart seinare på dagen funne igjen like nord for den franske hovudstaden, delvis utbrent. Det var ingen spor etter Redoine Faid, helikopterpiloten eller dei væpna mennene som henta han ut.

Politiet i Paris seier det er mogleg at helikopterpiloten kunne ha handla under tvang, og at han vart halden som gissel.

Det var ikkje strekt noko nett eller sett opp andre hindringar over den opne uteplassen i fengselet, som kunne ha hindra helikopteret i å lande, melder AFP.

Ein talsmann for det franske innanriksdepartementet seier at dei gjer alt som står i deira makt for å finne den forsvunne fangen.

Etterlysing av Redoine Faid frå 2013.

Denne etterlysinga vart sendt ut sist Redoine Faid var på frifot i 2013.

Foto: - / AFP

Drap og væpna ran

Redoine Faid sona ei lang fengselsstraff for væpna ran og drapet på ei politikvinne i 2010, etter eit ran som gjekk feil. Han er ein av dei mest kjende forbrytarane i landet med ein lang «karriere» bak seg som ransmann. Han har sjølv sagt at han var inspirert av amerikanske gangsterfilmar som «Scarface» og «Heat».

Han greidde å flykte frå fengsel også i 2013. Då tok han fire fengselsvakter som gislar før han brukte dynamitt for å sprengje seg ut av fengselet. Han forsvann i ein ventande bil. Då vart han teken etter seks veker på flukt.

Etter å ha vore fengsla i over ti år vart han sett fri frå soning i 2009. Då greidde han å overtyde fengselsleiinga om at han hadde endra livsstil, og at han var motivert for eit liv på den rette sida av lova.

Flukthelikopter nord for Paris.

Helikopteret vart funne i eit parkområde i Gonesse nord for Paris, etter flukta frå eit fengsel i Reau sør for den franske hovudstaden.

Foto: Geoffroy Van Der Hasselt / AFP

Ran og utpressing

Det var etter dette han fekk verkeleg kjendisstatus i Frankrike. Han deltok i fleire talkshow på fjernsyn og skreiv bøker om livet som kriminell, der han skildra den tøffe oppveksten sin i ein av innvandrarbydelane i Paris.

Det var her han starta den kriminelle løpebana si, og Faid, som har fransk-algerisk bakgrunn, vart raskt ei leiarfigur i ein bande som dreiv med alt frå ran til juveltjuveri og utpressing.

Banden hans vart sprengt av politiet i 1997, og Faid vart dømt til 30 års fengsel. Men han vart altså ein fri mann igjen i 2009.

Reau-Paris-Gonesse

SISTE NYTT

Siste nytt