NRK Meny
Normal

Frankrike bombar IS' «hovedstad» i Syria

Frankrike sette i gang kraftige luftangrep på IS sin «hovudstad» i Syria søndag kveld, i det som vert omtala som eit taktskifte etter fredagens angrep i Paris.

Fransk jagerfly som brukes i kampen mot IS

FRANSKE JAGARFLY: Dette franske jagarflyet, Mirage 2000, vert brukt i kampen mot IS. Her frå ein base på ein ukjend stad.

Foto: Ap

Ti kampfly har sleppt til saman 20 bomber, opplyste det franske forsvarsdepartementet søndag kveld. Ifølge departementet skal bombetoktet ha øydelagd eit av IS sine hovudkvarter, eit treningssenter for jihadistar og eit våpenlager. Angrepet er det største sidan Frankrike starta å bombe i Syria i september.

Utanriksminister Laurent Fabius omtalar angrepet som eit sjølvforsvar. Under G20-toppmøtet i Tyrkia i går sa han at avgjerda om å treffe mal i Raqqa var politisk, og at Frankrike må vere til stades og aktive etter fredagens angrep i Paris.

Laster kart, vennligst vent...

IS-HOVUDSTAD: IS har i snart to år hatt kontroll over Raqqa nord i Syria.

Opptrapping i Syria

Raqqa er IS sin viktigaste by i Syria, og er hovudkvarter for det brutale, statsliknande samfunnet de har bygd i lamdet. Ifølge irakisk etterretning skal angrepa i Paris ha blitt planlagde her.

Frankrike har delteke i koalisjonen mot IS i eit år, og frå september har dei trappa opp deltakinga ved å sjølv bombe IS-mål i Syria. Same månad åtvara Marc Trévidic, ein fransk dommar som har jobba mykje med antiterror, om at Frankrike etter dette var IS' sin fiende nr.1.

Då det kom fram at IS tilsynelatande tek på seg skulda for angrepa i Paris fredag brukte president François Hollande ordet krig, og lova at dei vil slå tilbake «nådelaust».

Tett samarbeid med USA

Forsvarsministrane i Frankrike og USA vart søndag einige om å trappe opp samarbeidet når det gjeld deling av etterretning. Vi jobbar med ein intensivering av angrepa, seier ein kjelde nær Le Drian til Le Monde, og legg til at dei sidan fredag har arbeidd tett med sine amerikanske allierte.

I desember har Frankrike planar om å sende ytterlegare 24 fly, og med det triple innsatsen, ifølge Le Monde.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt