Hopp til innhold

FN fryktar over 670 døde etter jordskred i Papua Ny-Guinea

Leitearbeidet er ekstremt krevande. 150 hus ligg under ein jordmasse på seks til åtte meter. Berre fem lik er blitt gravne ut i løpet av helga.

View of the damage after a landslide in Maip Mulitaka

Ein heil landsby ligg i ruinar etter at eit jordskred braut ut natt til fredag. Ytterlegare fem landsbyar er ramma.

Foto: Emmanuel Eralia / Reuters

Hjelpearbeidarane har gitt opp håpet om å finne overlevande, og dei attlevande har begynt å sørge.

Truleg har over 670 menneske mista livet etter at eit jordskred braut ut i høglandet i provinsen Enga i Papua Ny-Guinea natt til fredag.

Det anslår FNs organisasjon for migrasjon (IOM), som har rekna seg fram til at minst 150 hus ligg under jordmassane.

Landsbyen Kaokalam skal vere heilt utradert og ytterlegare fem landsbyar er ramma av skredet. Guvernøren i Enga kallar det ei uventa naturkatastrofe.

View of the damage after a landslide in Maip Mulitaka

Laurdag møtte lokale fram med kva enn dei hadde av graveutstyr for å hjelpe til i redningsarbeidet. Søndag er det ikkje lenger noko håp om å finne overlevande.

Foto: Emmanuel Eralia / Reuters

Området er no dekt av seks til åtte meter med stein, tre, restar av øydelagde hus og jord. Hjelpearbeidarane gjekk laurdag frå å leite etter overlevande, til å grave fram dei døde.

Berre fem lik er blitt henta ut av ruinane i løpet av helga.

IOM-sjef Serhan Aktoprak fortel til nyheitsbyrået AP at jorda framleis beveger seg, som gjer gravearbeidet ekstra farleg.

Lokale kampar i området

Ifølge Care Australia kan talet på døde stige ytterlegare på grunn av ein lokal konflikt i nærleiken. To klanar kjemper om eit landområde, og laurdag blei åtte menneske drepne i samanstøyt. 30 hus blei sett fyr på.

På grunn av kampane har eit ukjent tal sivile evakuert til den skredramma provinsen, og det er derfor usikkert nøyaktig kor mange som var i området natt til fredag.

Til vanleg bur det om lag 4000 menneske i Enga.

17 ulike stammar i området var involverte i fleire valdelege samanstøyt tidlegare i år, skriv australske ABC News. I februar blei minst 49 menneske drepne i ein massakre.

IOM-sjef Serhan Aktoprak er uroa for at kriminelle i klanane vil utnytte kaoset som no har oppstått, og fryktar angrep på konvoiane med naudhjelp.

SISTE NYTT

Siste nytt