Hopp til innhold

Flyktningane reagerer på jubelropa

Slitne og medtekne kjem flyktning på flyktning ut av toget i Frankfurt. Der vert dei møtt av stormande jubel og heijarop. - Dei vert skremde, fortel hjelpearbeidar.

Syria- flyktningar

HEIJA DEI FRAM: Det var møtt opp svært mange som ville ønskje flyktningane velkomne til Tyskland. Her er det heiarop og smil på togstasjonen i Frankfurt.

Foto: KAI PFAFFENBACH / Reuters

For ikkje alle flyktningane forstår kven alle dei frammøtte tyskarane er.

– Dei er redde. Dei fortel at dei har flykta frå landet sitt og at dei ikkje vil bli fotograferte, seier Lara Sabbagh som arbeider som frivillig for organisasjonen Kleebatt, skriv AFP.

Ho bad dei frammøtte om å slutte å ta bilete, og forklarte dei kvifor.

– Flyktningane forstår ikkje at dei er her for å ønskje dei velkomne.

Straumen av flyktningar som kjem over grensa frå Ungarn til Austerrike held fram, og ved midnatt laurdag kom over tusen menneske gåande frå byen Hegyeshalom på ungarsk side, til byen Nickelsdorf i Austerrike, skriv NTB.

600 personar vart tidleg søndag morgon sende til eit mottakssenter i Dortmund i Tyskland. Det er venta at det vil kome 1200 personar i løpet av føremiddagen over grensa.

Flyktningar i kø

KØ: Flyktningane må registrerast før dei vert sende ut til mottak i store deler av Tyskland.

Foto: KAI PFAFFENBACH / Reuters

Spreidde utover Tyskland

32-år gamle Mohammed frå Syria var også møtte opp for å ønskje tidlegare landsmenn velkommen inn til Tyskland.

– Folket her er snille med oss. Dei behandlar oss som menneske, ikkje slik som vi vart behandla i Syria, sa han medan tårene trilla.

Røde kors har oppretta ein mellombels mottaksleir på grensa for å ta hand om flyktningane.

– Det skal vere god kapasitet både i Austerrike og Tyskland for å handtere flyktningstraumen, seier generalsekretær i Røde Kors, Åsne Havnelid til NRK.

Laurdag kom det over 10 000 personar over grensa, og nær 7000 av desse var allereie laurdag ettermiddag sende vidare med tog mot München i Sør-Tyskland.

Det har vore sterke scener frå grensekryssingane, og mange møtte flyktningane med applaus og jubel då dei endeleg var framme ved målet sitt, den viktige grensa til Austerrike.

Og tyskarane var ikkje dårlegare. Dei jubla, klappa flyktningane inn og gav dei mat og drikke, ifølgje offisielle kjelder.

Det var møtt opp svært mange ved togstasjonen for å ønskje nykommarane velkomne til byen, og slagord som; Rop det ut, ver tydeleg, flyktningar er velkomne her! vart ropa mot dei som kom ut av toga.

I Dortmund er det eit mottakssenter som tek imot og registrerer flyktningane. Etter planen skal dei bli sende vidare til andre stader i Tyskland utover søndag ettermiddag.

Forbundskanslar Angela Merkel sa i førre veke at alle syriske flyktningar skal kunne komme fritt til Tyskland, og difor har fleire tusen gått, teke tog og buss for å kunne kome i tryggleik. Landet ventar det vil kome så mange som 800 000 flyktningar.

Syriske barn

GLADE: To barn som endeleg kan smile etter ei lang reise.

Foto: KAI PFAFFENBACH / Reuters

Cameron opnar opp etter kritikk

Statsminister David Cameron i Storbritannia har fått krass kritikk for å vere altfor passiv i migrasjonskrisa. Dei har teke imot 216 syriske flyktningar gjennom ei spesialordning det siste året, men Cameron har no snudd og seier dei vil ta imot fleire enn planlagt.

Det er førebels ukjendt kor mange, men Sunday Times melder at det skal vere opp mot 15 000 flyktningar.

– Sanninga er at Storbritannia gjer mindre enn andre europeiske land som Tyskland og Sverige, sa Europarådets menneskerettskommissær Nils Muiznieks torsdag.

SISTE NYTT

Siste nytt