Fly-leiting ved isolerte småøyer i Indiahavet

Indisk luftforsvar og marine leitar no etter det forsvunne Malaysia-Air-flyet i og rundt isolerte øyer i Andaman-havet og ved Nikobarane.

Leiting etter forsvunne passasjerfly.

Det blir leitt etter det forsvunne passasjerflyet over store havområde. Hittil er det ikkje sikre spor etter flyet.

Foto: STR / Afp

Ein indisk talsmann seier at to av overvakingsflya deira no leitar kontinuerleg med hjelp av varmesøkjande utstyr. Også fleire marinefartøy deltek i leitinga, som konsentrerer seg i eit område som består av 572 øyer. Det bur menneske berre på 37 av desse øyane.

Den indiske marinen vurderer også eit breiare søk i Bengalbukta, men seier at hovudfokuset deira er området mellom Andaman-øyane, Nikobarane og det indiske fastlandet.

– Liknar på Air France

MALAYSIA airlines MH370 savnet fly

Det sakna flyet er ein Boeing 777 frå selskapet Malaysia Airlines.

Foto: STRINGER / Reuters

Det var natt til sist laurdag at passasjerflyet frå Malaysia Airlines med 239 menneske om bord forsvann frå radarskjermane på veg frå Kuala Lumpur til Beijing.

Ein luftfartsekspert NRK har snakka med seier at med denne forsvinninga og Air France-flyet som styrta i havet utanfor Brasil 1. juni 2009. Då gjekk det fem dagar før det første sporet frå flyet vart funne, eit sideror. Etter det gjekk det to år før resten av flykroppen vart lokalisert på havbotnen.

Dei ansvarlege for redningsaksjonen er i – Et fly kan forsvinne på to måter . Siste døgnet har det kome meldingar som kan tyde på at flyet bevega seg i ei anna retning enn den opphavlege ruta til Beijing. Ingen veit kvifor dette skjedde, og det at flyet vart kapra er framleis ein heit teori.

– Vart styrt vekk

Det blir leitt i fleire ulike havområde, men dei mange flya og skipa som deltek i leitinga har ingen spor å gå etter. Eit amerikansk marinefartøy deltek no i leitinga i Indiahavet.

Fleire kjelder med kjennskap til leiteaksjonen har sagt til nyheitsbyrået Reuters at data frå militær radarsporing kan tyde på at det sakna Malaysian Airlines-flyet med vitande og vilje vart styrt vekk frå den opphavlege ruta ut mot Andaman-øyane.

LES OGSÅ: – Et fly kan forsvinne på to måter

LES OGSÅ: Har ikke rapporter om at flyet fløy etter siste kontakt

To kjelder seier at eit uidentifisert fly, som kan ha vore det sakna MH370, navigerte mellom vegpunkt då signal frå flyet vart oppdaga på ein militær radar utanfor nordvestkysten av Malaysia. Det meiner dei tyder på at nokon med pilotkompetanse har ført flyet.

SISTE NYTT

Siste nytt