Hopp til innhold

Fleire skadde i London

LONDON (NRK): 11 personar er sende til sjukehus etter at ein bil køyrde opp på fortauet utanfor Naturhistorisk museum i London. Men politiet seier dei ikkje ser på hendinga som terror.

BRITAIN-SECURITY/MUSEUM

Væpna politi er på plass utanfor Naturhistorisk museum i London etter at ein bil køyrde ned fleire fotgjengarar.

Foto: PETER NICHOLLS / Reuters

Ein mann er pågripen etter at fleire fotgjengarar blei treft av ein bil i museumsdistriktet i London i ettermiddag. Ifølge BBC skal det vere snakk om lettare skadar på dei som er råka. Ifølge ambulansetenesta i London blei 11 personar sende til sjukehus etter hendinga.

NRK møter Kristin Dybdahl like ved der hendinga skjedde. Ho hadde vore på museum medan mannen og sonen var på fotballkamp. Ho seier det var uverkeleg å kome midt opp i det som skjedde.

– Før vi reiste til London, tenkte vi på at ting kunne skje. Vi snakka om det var rett å ta med oss ungane på haustferie til London. Men vi ønskjer jo å leve normalt også. Så vi får håpe at dette berre var ei ulukke, og ikkje terror, seier ho.

– Håper det ikke er terror

Truleg ikkje terror

Politiet skriv på Twitter at dei ikkje etterforskar hendinga som terror, men som ei trafikkulukke.

Laster Twitter-innhold

Men ein talsperson for Downing Street seier statsminister Theresa May blir oppdatert på hendingane.

Hittil er 32 menneske drepne i terror i Storbritannia. Terrornivået er for tida på sitt nest høgaste. Det vil seie at eit angrep er sannsynleg. Folk er difor på vakt i London.

Britain Car Hits Pedestrians

Det er mykje politi i området der hendinga skjedde. Politiet seier dei førebels ikkje ser på hendinga som terror.

Foto: Kirsty Wigglesworth / AP

Turistområde

Hendinga skjedde i eit område der det ligg mange museum. Vanlegvis er det mange turistar i området. Men i ettermiddag er vegen tom, bortsett frå dei mange politibilane og politifolka som er i området.

Eit augevitne fortalde BBC at ho var på veg til Vitskapsmuseet då ho blei vitne til hendinga.

– Då vi venta på lyset, høyrde vi det eg trudde var skot, og såg ein bil køyre over fortauet. Vi sprang. Venninna mi stupte ned, og fekk nokre kutt i hendene.

BRITAIN-SECURITY/MUSEUM

Mange er nysgjerrige på kva som har skjedd i London sentrum. Hendinga skjedde i eit område med mange turistar.

Foto: DYLAN MARTINEZ / Reuters

Alle musea i området blei evakuerte etter hendinga.

SISTE NYTT

Siste nytt