Hopp til innhold

Ein pågripen etter eksplosjon i Tyskland

Fleire politi- og redningsmannskap er livstruande skadde etter ein eksplosjon i Ratingen vest i Tyskland. Ein mann er pågripen i samband med eksplosjonen.

Politi med gassmasker og hjelmer på vei inn i en dør som det kommer svart røyk ut av.

TYSKLAND: Politi med gassmasker og hjelmar på veg inn.

Foto: Roberto Pfeil / AFP

Eksplosjonen skal ha skjedd i ei leilegheit i ei høgblokk i Ratingen, nord for Düsseldorf. Ifølge den tyske avisa Bild skal minst tolv personar vere skadde, fleire med livstruande skadar.

Politiet blei varsla om eksplosjonen rett over klokka 11.

Det tyske politiet stadfestar litt over klokka 15 at ein mann i 60-åra no er pågripen i samband med eksplosjonen. Ifølge Spiegel skal spesialstyrkar ha storma leilegheita hans og pågripe mannen. Han skal vere skadd.

Germany Explosion

Politi- og brannmannskap med gassmasker framfor eit leilegheitsbygg i Ratingen.

Foto: David Young / AP

Politiet fortel at ein død person er funnen i leilegheita til mannen som no er pågripen. Identiteten til avdøde er førebels ukjent.

Ein mann med ein ukjend gjenstand

Årsaka til eksplosjonen er uklar. Ifølge Bild blei naudetatar først tilkalla på grunn av ein skadd person, men då dei kom til staden var leilegheita tilsølt med bensin.

Innanriksministeren i delstaten fortel at var det naboar som først varsla politiet om ein overfylt postkasse. Det var ein son og ei mor budde i leilegheita som eksploderte.

Skarpskyttere fra politiet i posisjon i en boligblokk.

Skarp­skyttarar frå politiet på plass i nærleiken.

Foto: Rolf Vennenbernd / AP

– Det var mistanke om ein hjelpelaus person i leilegheita. Då politiet kom, blei leilegheitsdøra opna, sa innanriksministeren i delstaten Herbert Reul til den tyske avisa Bild.

Ifølge Reul skal ein mann ha forårsaka eksplosjonen med ein ukjent gjenstand.

Germany Explosion

Naudetatar på staden.

Foto: Rolf Vennenbernd / AP

Ti av dei skadde skal vere brannmenn og to av dei politibetjentar, ifølge det tyske nyheitsbyrået DPA.

SISTE NYTT

Siste nytt