Hopp til innhold

Fleire norske eldre får problem i Spania

Det har vore ein kraftig auke i talet på sosialsaker for Den norske sjømannskyrkja si avdeling i Torrevieja i Spania det siste året. – Det er både fleire saker og fleire alvorlege og tidkrevjande saker, seier sjømannsprest Dag Magnus Hopstock Havgar.

Den norske sjømannskyrkja i Torrevieja

Den norske sjømannskyrkja i Torrevieja på Costa Blanca i Spania opplevde ei kraftig auke i talet på sosialsaker i 2014.

Foto: Sjømannskyrkja

Det var 111 såkalla sosialsaker ved sjømannskyrkja i Torrevieja i 2013. I 2014 steig talet til 169, og mykje av årsaka er at knytt til geriatri, altså alderdomssjukdomar. Medan talet på sosialsaker har halde seg stabilt hos dei ulike norske sjømannskyrkjene rundt om i verda i 2014, så er det altså ein klar auke i Torrevieja.

Fleire treng hjelp

Sjømannsprest i Torrevieja, Dag Magnus Hopstock Havgar.

– Stadig fleire eldre menneske treng hjelp, seier sjømannsprest Dag Magnus Hopstock Havgar i Torrevieja i Spania.

Foto: Sjømannskyrkja

– Det er ein trend at stadig fleire eldre menneske treng hjelp. Dette er menneske som har budd i Spania i mange år, og som ofte har lite kontakt med Noreg. Då blir jobben for diakonteamet vårt å anten hjelpe dei til sjølvhjelp, eller å hjelpe dei vidare i systemet, eventuelt slik at dei kan reise heim til Noreg, seier Dag Magnus Hopstock Havgar til NRK.

Felles for dei er ofte at dei ikkje har planlagt alderdomen sin. Sjømannskyrkja møter menneske som ikkje har orden på forsikringane sine, og mange er ikkje førebudde på at det spanske samfunnet ikkje er som det norske.

– Det er viktig å ikkje svartmåle. Spania har eit godt hjelpeapparat, men det er mykje som skil det frå det norske. Mange trur at «det norske» er med, men når ein har busett seg fast i Spania så er det ikkje det same som å bu heimlandet. Mange manglar til dømes viktige forsikringar.

– Eit betre liv

Han nemner også at klimaet i Spania gjer at mange nordmenn har eit langt betre liv der enn dei ville ha hatt i Noreg. Mange lever mykje betre, dei har eit enklare liv og dei varer lenger både fysisk og psykisk, seier han.

Sjømannspresten legg heller ikkje skjul på at ein del har problem med alkohol eller psykiatri, anten kvar for seg eller som ein kombinasjon. Mange med eit alkoholproblem kan greie å halde det i sjakk i mange år, men at det kan gå over styr når dei blir åleine

– Det er mange nordmenn her på Costa Blanca, vi opplever det som eit Noreg i miniatyr. Dei fleste har gode nettverk og fungerer godt, men ein del fell utanfor. Vi hjelper dei med det vi kan. Mange må ta val som ikkje er enkle, seier Hopstock Havgar.

– Opprett testament

Han fortel at det viktigaste av alt for nordmenn busette i Spania er å opprette eit testament. Arveoppgjer er noko heilt anna i Spania enn i Noreg, der nede er det til dømes ikkje mogleg å sitje i uskifta bu.

I Spania skal arveoppgjeret skje raskt etter eit dødsfall, og dei spanske arveavgiftene er mykje høgre enn i Noreg.

Stadig fleire nordmenn i trøbbel i utlandet

– Norske born opplever omsorgssvikt i Thailand

SISTE NYTT

Siste nytt