Fleire kvinner skuldar Sanders-leiren for seksuell trakassering

«Ei bølgje av ròten seksuell trakassering» seier ein av Bernie Sanders' valkampmedarbeidarar om den populære demokratens valkamp i 2016.

Election 2020

Bernie Sanders fotografert under lanseringa av si eiga bok. Om han stiller til val som presidentkandidat kan han ha fått ein trå start med skuldingar om seksuell trakassering i hans førre presidentkampanje.

Foto: Alex Brandon / AP

Om Bernie Sanders planlegg å melde seg på i kampen om å bli Demokratane sin neste presidentkandidat kan han ha fått ein tøff start.

Fleire kvinner fortel no til amerikanske medium om seksuell trakassering i valkampen til Sanders i 2016, og manglande evne til å følge opp hendingane.

Møtt med latter

New York Times skriv om Giulianna Di Lauro som jobba som strateg i den delen av Sanders sin kampanje som retta seg mot veljarar med latinamerikansk bakgrunn. Ho fortel til avisa at sjefen reagerte med latter då ho fortalde om ubehagelege kommentarar frå ein annan mann i kampanjen.

Mannen skal ha vore ein såkalla «surrogate» – ein person som står på scenen og begeistrar publikum før kandidaten vert presentert og kjem opp på scenen. Ein slik person kan også halde taler på vegner av kandidaten, om ikkje kandidaten har tid sjølv.

Di Lauro køyrde denne mannen til ulike arrangement i delstaten Nevada. Mannen skal ha sagt at Di Lauro hadde «nydeleg krøllete hår», og spurt om han kunne ta på det. Ho svarte ja fordi ho trudde han berre skulle vere litt borti håret, men opplevde at han drog handa gjennom håret på ein måten ho oppfatta som «seksuell».

Deretter skal mannen ha følgd opp med fleire fysiske tilnærmingar mot Di Lauro og «utfordra intimgrensene» hennar gjennom dagen.

Då ho melde frå om saka til sjefen sin skal han ha svart «eg veddar på du hadde likt det om han var yngre», og deretter ledd av sin eigen kommentar.

Di Lauro kommenterer også saka på sin eigen Twitter-profil.

Laster Twitter-innhold

– Bølgje av ròten seksuell trakassering

Ei anna kvinne som seier at seksuell trakassering ikkje vart teke på alvor i Sanders-leiren er Samantha Davis, som leia delar av valkamparbeidet i Texas og New York. Ho seier ho ikkje fekk nokon hjelp då ho melde frå om at hennar overordna inviterte ho med til hans hotellrom.

Fleire kvinner fortel også at dei vart bedne om å overnatte på hotellrom med mannlege kollegaer når dei var ute på jobbreiser.

Kritikken mot Sanders' kampanje handlar i stor grad om mangelen på oppfølging, og at ein rotete og uorganisert kampanje gjorde det vanskeleg for kvinnene å vite kor dei skulle melde frå om dei uønska tilnærmingane.

– Det var ei bølgje av ròten seksuell trakassering som aldri vart gjort noko med, står det skrive i ein e-post New York Times fekk i desember frå ein delegat som støtta Sanders' kampanje.

Democrats Superdelegates

Bernie Sanders på scenen saman med Hillary Clinton for å støtte ho i kampen mot Donald Trump, november 2016.

Foto: Andrew Harnik / AP

Sanders seier unnskyld

Bernie Sanders sa til CNN i går kveld at han var stolt av kampanjen, men at han ikkje skulle påstå at alt som vart gjort var riktig. Han seier også han ikkje visste om skuldingane.

– Eg vil kome med ei oppriktig unnskylding til alle kvinner som følte at ho ikkje vart møtt på ein ordentleg måte, og sjølvsagt, om eg stiller til val på ny, vil eg gjere det betre neste gong, sa Sanders.

77 år gamle Sanders har framleis ikkje lansert sitt kandidatur, men det er venta at senatoren frå Vermont kjem til å gjere nettopp dette i løpet av 2019.

Då skal han i så fall kjempe mot andre kandidatar for å kunne bli demokratane sin kandidat i kampen mot republikanarane sin kandidat, som mest sannsynleg vil bli sittande president, Donald Trump.

Ein av toppane i Sanders' kampanje, Jeff Weaver, hevdar at dei har lært av sine feil.

– Var den for mannsdominerande? Ja. Var den for kvit? Ja, seier Weaver om valkampanjen til Sanders, og forsikrar om at alle dei det er retta klagar mot ikkje kjem til å bli engasjerte i ein eventuell ny kampanje.

Bernie Sanders var lenge med i teten av Demokratane sitt nominasjonsval i 2016, men tapte til slutt for Hillary Clinton. No er han ein av dei som ligg øvst på meiningsmålingane framfor den kommande nominasjonsrunden. Han har førebels ikkje lansert sitt kandidatur.

SISTE NYTT

Siste nytt

Israelsk storangrep på Gaza i natt

Israel har gjennom natten angrepet mål på Gazastripen fra luften og fra stridsvogner på israelsk side av grensen. Det israelske forsvaret meldte først at militære styrker var på vei inn i Gaza, før de trakk tilbake meldingen.