Hopp til innhold

Bombeforsøk avverga i Nord-Irland

Nord-irske sikkerheitsstyrkar oppdaga onsdag ei bombe plassert under bilen til ein militær offiser.

I går eksploderte ei bilbombe utanfor ein politistasjon i Derry

går eksploderte ei bilbombe utanfor ein politistasjon i Derry, den nest største byen i Nord-Irland.

Foto: CATHAL MCNAUGHTON / Reuters

Sprengstoffet var dårleg festa, og fall av køyretøyet då majoren som eigde bilen skulle køyre til jobb frå heimen sin i County Down.

Spesialstyrkar måtte detonere bomba, og meir enn 20 heimar blei evakuerte.

Rutinemessig bombe-sjekk

Åtaket vekte minner frå konlikten i Nord-Irland på 1970- og 1980-talet, kjent som "The Troubles". I denne perioden befant landet seg i ein fastlåst krigsliknande tilstand der politi og militære rutinemessig måtte sjekke bilane sine for bomber.

Åtak retta mot politi har auka etter at nasjonalistiske grupper med ønske om eit foreina Irland, drap to soldatar på ein militærbase nordvest for Belfast i mars i fjor. Ein politibetent blei også drepen dagen etter.

Protestantar utpeikt

Ei rekkje bilbombeåtak har vorte retta mot politistasjonar, militærbasar og tinghus.

Seinast i går eksploderte ei bilbombe utanfor ein politistasjon i Derry, den nest-største byen i Nord-Irland.

Militæroffiseren som var offer for bomba som vart oppdaga onsdag, er truleg den første involvert i eit personåtak sidan dei to soldatane blei drepne i fjor.

Det blei i 1998 inngått ein fredsavtale mellom katolske nasjonalistar og protestantiske unionistar.

Politi og lokale politikarar gjer protestantiske dissidentar skulda for onsdagens bombeforsøk.

SISTE NYTT

Siste nytt