Onsdag ettermiddag kom beskjeden frå Finland sin statsminister Petteri Orpo: fleire av grensekryssingane deira til Russland blir stengde.
Overgangane dei stenger komande laurdag er Vaalimaa, Nuijamaa, Imatra og Niirala, fram til 18. februar 2024.
Nokre og 3000 menneske brukar Finland sine søraustlege grensekryssingar kvar dag. Statsministeren sa at han forstod at dette ville gjere kvardagen vanskelegare for mange.
– Handlingane vi tek er dristige og ekstraordinære, sa han, og viste til regjeringane si bekymring for at Russland slepp igjennom flyktningar utan gyldig dokumentasjon.
– Vi vil gjere slutt på restriksjonane dersom den ulovlege innvandringa stoppar, sa innanriksminister Mari Rantanen på pressekonferansen.
Ifølge det finske nyheitsbyrået STT har asylsøkarar på russisk side fått beskjed om at dei heller bør prøve å krysse grensa frå Russland til Noreg ved Storskog.
Mehl: – Førebudde på å stenge grensa på kort varsel
Justisminister Emilie Enger Mehl seier at det så langt ikkje har vore ein auke i grensepasseringar frå Russland over Storskog slik ein har sett i Finland.
– Trafikken er veldig låg og har vore låg i heile haust, seier Mehl (Sp) til NTB.
– Vi følger situasjonen tett, og det kan bli aktuelt for oss å stenge grensa på kort varsel ved behov.
Stabssjef ved Storskog, Tarjei Sirma-Tellefsen, seier til Reuters seint torsdag ettermiddag at det så langt har vore «stille».
– Talet på reisande til Noreg er lågt, men vi følger nøye med på trafikken og er førebudde dersom talet på tilkomne aukar.
Talsperson frå det russiske utanriksdepartementet, Maria Zakharova, har sagt at Russland ikkje «er pliktige til» å hjelpe Finland med å «filtrere migrantar».
Dette var etter at dei finske styresmaktene varsla at det ville kome tiltak som svar på utviklinga.
– Vi er djupt misnøgde med at dei finske styresmaktene har valt å med vilje bevege seg vekk frå det som pla vere eit godt forhold, sa talsperson for Kreml, Dmitrij Peskov same dag ifølge Moscow Times.
Auke i udokumenterte migrantar
Det kjem stadig fleire asylsøkarar frå Russland til Finland, og mange utan gyldig dokumentasjon, ifølge den finske grensestyresmakta.
Klokka 22.00 onsdag kveld var det 75 asylsøkarar ved den søraustlege grensekryssinga Lappeenranta. Tysdag var det 55, og måndag 39, fortel dei.
Dette ti fleire per dag enn det som er vanleg, og dei fleste hadde ikkje dokumentasjonen dei trong for å krysse, fortel ei grensevakt til NRK.
Han har bede om å ikkje bli sitert med namn.
– Vanlegvis er tala på denne ruta på den austlege landegrensa mellom Finland og Russland veldig, veldig låge for asylsøkarar. Vi snakkar om nokre få individ av og til.
– Det er ein klar auke, ikkje berre i talet men også typen menneske som kjem.
Vakta presiserer at det dreier seg om både menn og kvinner frå land i Afrika og Midtausten.
– Det er klart og tydeleg eit ulovleg immigrasjons-fenomen. Årsaka bak det er at dei russiske grensestyresmakter oppfører seg annleis, og har gjort dette mogleg.
– Men samanlikna med immigrasjonstala frå Europa er dei framleis ganske låge. Situasjonen er under kontroll.
«Hemngjerning» for avtale med USA
Den finske presidenten Sauli Niinistö sa onsdag at auken i grensekryssingar er ei «hemngjerning» frå Russisk side, melder The Guardian.
Dette skal vere som svar på tryggingssamarbeidet mellom Finland og USA, som blei inngått i august 2022.
Moskva avviser ifølge Reuters at dette er tilfelle.
Den finske regjeringa kallar handlingane til russiske grensestyresmakter for eit «internasjonalt brotsverk» mot Finland.
Rantanen og statsminister Orpo seier også at dei er klare for å innføre ytterlegare vedtak dersom grensestengingane ikkje er nok.
«Pliktige» til å ta imot søknader
Blant dei attverande fire mellom Russland og Finland, blir asylsøknadar berre motteke via to nordlege grensekryssingar: Salla og Vartius.
Ved dei to andre er det ikkje mogleg å søke om asyl, skriv avisa Helsingin Sanomat.
Men Finland sitt diskrimineringsombod, Kristina Stenman, seier torsdag at regjeringa framleis har ein plikt under internasjonale avtalar og EU-lov til å ta imot asylsøknader.
– Dersom ein person kjem til ei grensekryssing og seier dei treng internasjonalt vern, må søknaden bli teken imot, seier Stenman til Reuters.
Etter grensevaktlova i Finland kan regjeringa stenge grenseovergangar eller avgrense mengda menneske som kryssar dei dersom det er naudsynt, skriv Helsingin Sanomat.
Dette kan vere for å kjempe mot ein alvorleg trugsel mot offentleg orden eller nasjonal tryggleik. Overgangsstader kan ikkje stengast lenger enn det som er naudsynt.
Avisa melder vidare at ingen nye asylsøkarar hadde kome til grenseovergangane søraust i landet etter klokka 6 torsdag morgon, men at nokre hadde kome i løpet av natta.
– Har openbert fått hjelp
Tormod Heier er professor i militær strategi og operasjonar ved Stabsskolen i Forsvaret. Han tolkar auken i asylsøkarar ganske likt som finske styresmakter har gjort.
– Langs heile den russiske grensa så går det ei tryggingssone mot Finland og Noreg. Det betyr at flyktningar ikkje utan vidare kan ta seg fritt inn til grensa, seier han til NRK.
– Når det då kjem flyktningar til grensa, så har dei openbert fått hjelp av tryggingsstyresmaktene på russisk side.
Det ville ikkje vore første gongen Russland har brukt flyktningar til å utøve press på vestlege land, seier han.
– Det å dirigere flyktningstraumar inn mot Europa er ein del av det vi ofte kallar for russiske hybride verkemiddel.
Formålet med desse er å skape misnøye eller polarisering blant folk i vestlege land, og dermed bidra til at styresmaktene blir mindre stabile.
Det at Finland kjem med dette motsvaret, er derimot noko nytt, meiner Heier.
Etter invasjonen av Ukraina i fjor har dei nemleg fått både det transatlantiske tryggingsfellesskapet i ryggen og fått amerikanske tryggleiksgarantiar gjennom NATO-prosessen.
– Finland er tradisjonelt eit land som har hatt eit veldig balansert forhold til Russland der ein har vore nøye med å ikkje provosere fram unødige russiske motreaksjonar.
– Så har nok også Ukraina-krigen avslørt for ei heil verd at det einaste språket Russland i dag respekterer og forstår er makta sitt språk. Det er eitt som Finland er flinke til å kommunisere på.