Hopp til innhold

Fotograf får tre års fengsel på vilkår for å ha sparka til migrantar

Den ungarske fotografen Petra Laszlo er dømd til fengsel på vilkår i tre år for å ha sparka til migrantar, som var på flukt frå politiet nær grensa til Serbia i september 2015.

Petra Laszlo.

Fotografen Petra Laszlo sparkar mot migrantar på flukt frå politiet.

Foto: AP

Laszlo var på jobb for fjernsynsstasjonen N1TV då dette skjedde. Ei gruppe flyktningar var på flukt frå politiet etter å ha trengt gjennom sperringane deira, og ho stod på utsida av sperringa for å fotografere.

Då migrantane kom mot henne sparka ho ein vaksen mann med eit barn på armen og ei lita jente. Videobilete av hendinga vart spreidd på Internett, og Laszlo fekk sparken frå fjernsynsstasjonen ho jobba for.

Petra Laszlo, ungarsk fotograf.

Fotografen Petra Laszlo seier ho handla i sjølvforsvar då ho sparka til migrantar på flukt frå politiet.

Foto: MARKO DJURICA / Reuters

– Var redd

Dommar Illes Nanasi sa då han las opp domen i dag at Petra Laszlo handla i strid med det ein kan forvente av ein ungarsk statsborgar.

Sjølv seier ho at ho reagerte slik fordi ho var redd.

– Alt var over i løpet av eit pr. sekund. Alle ropte og skreik, det var veldig skremmande, seier ho. Ho var ikkje til stades i retten, men deltok via ein videolink. Forsvararen hennar Ferenc Sipos, seier at ho ikkje møtte i retten fordi ho har blitt trua på livet.

– Det er ikkje noko kriminelt i det å forsvare seg. Ho var i fare, og ho prøvde unngå denne faren ved å forsvare seg, sa han i retten.

Trakassert under flukt i Ungarn - fikk nytt liv i Spania

– Ikkje rasisme

Nesten 400.000 migrantar passerte gjennom Ungarn i 2015 på veg til Vest-Europa.

I dommen heiter det blant anna at videobilete frå hendinga ikkje tyder på at det som skjedde var sjølvforsvar.

Aktoratet gjorde det klart alt før rettssaka starta at det ikkje var noko grunn til å tiltale Laszlo for hatkriminalitet motivert av rasisme.

En ekte overlever – mot alle odds

SISTE NYTT

Siste nytt