Hopp til innhold

Fem Nato-soldatar drepne i Afghanistan

Minst fem Nato-soldatar er drepne i to seperate angrep i Afghanistan, i følgje Isaf.

Isaf stadfestar opplysningane måndag, ifølgje nyheitsbyrået Tolo News.

Tre av Nato-soldatane vart drepne i ei vegbombe i aust-Afghanistan, medan dei to andre vart drepne i ein eksposjon i den sørlege delen av landet.

Det er enno ikkje stadfesta kva land dei drepne kjem frå.

Det er no 315 utanlandske soldatar som er blitt drepne i Afghanistan så langt i år. Av desse er 222 frå USA, 28 frå Storbritannia og 65 frå andre land.

Dagens angrep skjer rett etter at afghanske styrker får ansvaret med å ta over tryggleiken i fleire stadar i landet. Etter planen skal Afghanistan få det fulle tryggleiksansvaret i landet innan slutten av 2014.

SISTE NYTT

Siste nytt