Hopp til innhold

Fem internasjonale storbankar i valutaskandale

Fem av verdas leiande storbankar får over 42 milliardar kroner i bot for å ha manipulert valutakursar. Det melder det amerikanske justisdepartementet.

US-ECONOMY-BANK-FOREX-RATE

Fem bankar er involverte i skandalen der banktilsette har påverka dei internasjonale valutakursane. Dei tilsette har hatt kontakt over internett og brukt eit kodespråk for å avtale kva dei skal gjere. Her frå eit valutameklarkontor i New York.

Foto: JEWEL SAMAD / Afp

The Royal Bank of Scotland, Citigroup, JPMorgan Chase, Barclays og UBS AG er alle involvert i saka der bankane skal ha manipulert valutakursane.

42,6 milliardar i bot

Tilsette i Citigroup, JPMorgan, Barclays og Royal Bank of Scotland, som kalla seg sjølve «Kartellet» skal jamleg ha snakka saman på chattesider på internett. Ved hjelp av eit kodespråk har dei avtalt korleis dei skal manipulere og påverke valutakursane.

Dette skal ha skjedd i ein periode over seks år frå 2007 til 2013. Amerikanske styresmakter meiner handlingane har skada eit ukjent tal kundar, investorar og institusjonar rundt om i verda.

Amerikanske styresmakter har gitt dei fem bankane ei samla bot på 5,7 milliardar dollar, noko som blir rundt 42,6 milliardar norske kroner.

Barclays fekk størst bot

Ifølgje nyheitsbyrået Reuters skal den sveitsiske banken UBS AG har sagt seg skuldige i å ha manipulert rentesatsen, medan dei fire andre bankane har sagt seg skuldige i manipulering av utanlandske valutakursar.

Barclays er banken som har fått den største bota. Dei må betale rundt 18 milliardar kroner i bot. No har banken sparka åtte av sine tilsette.

– For å seie det enkelt: Barclays-tilsette har bidrege til å manipulere valutamarknaden. Dei har delteke i ein skamlaus plan der dei har leika «mynt-eller-kron» for å flå kundane, seier Benjamin Lawsky, som jobbar for offentlege finansstyresmakter i delstaten New York.

4pm-fix

Svindelen skal mellom anna ha gått ut på at ein av dei som deltok i svindelen samla opp store mengder i ein valuta, slik at det påverka valutakursane. Deretter skal vedkommande ha kvitta seg med valutaen att.

Andre medlem av kartellet visste om dette og kunne dermed utnytte at kursane var påverka, og tene på det heile.

Dette vert kalla «4pm-fix», fordi handlinga vart gjort kvar dag i halvminuttet før klokka vart fire i London.

SISTE NYTT

Siste nytt