Hopp til innhold

Faremo trekker seg frå toppjobb i FN etter avsløringar

Tidlegare toppolitikar Grete Faremo har trekt seg frå toppstillinga ho har hatt i FN.

Opening of the UNEP Copenhagen Climate Centre, in Copenhagen

GÅR AV: Tidlegare Ap-minister Grete Faremo er ferdig som sjef i FN-organisasjonen UNOPS.

Foto: RITZAU SCANPIX / Reuters

  • New York Times (NYT) avslørte søndag korleis to FN-tilsette skal ha lånt ut meir enn 22 millionar dollar til David Kendrick – ein britisk forretningsmann.
  • Pengane skulle bli brukte på å hjelpe utviklingsland, men vart misleghalde av Kendrick, meiner FNs revisorar. –
  • Dei to tilsette jobba under Grete Faremo, som tidlegare har hatt fleire ministerpostar i Noreg. Ho trekkjer seg frå stillinga si etter avsløringa.

Faremo tenkt å gå av med pensjon i september, men ho har no sendt ut eit brev til dei tilsette i FN-organisasjonen UNOPS.

Der fortel ho at ho trekker seg med umiddelbar effekt.

NRK har vore i kontakt med Grete Faremo på SMS. Der stadfestar ho at ho har sendt ut eit brev til alle tilsette, og at ho ikkje vil kommentere saka ytterlegare no.

– Ingen andre kommentarar blir gjeve frå mi side no, skriv Faremo til NRK.

– Ventar på resultatet

Sjølv om ho ikkje vil kommentere saka, så deler ho brevet ho sende ut.

Der skriv ho at ho alt 23. april tok kontakt med FN sin generalsekretær Antonio António Guterres om at ho kom til å trekke seg i haust.

No går ho av med brå verknad, og ventar på resultatet av granskinga frå FN sine revisorar.

– Vi ventar framleis på resultatet. Dei siste månadene har vore ei ekstrem belastning for alle, skriv Faremo i brevet.

– Sjølv om eg ikkje kjenner heile historia, skjedde det på mi vakt. Eg erkjenner ansvaret mitt og har bestemt meg for å trekke meg, skreiv Faremo i brevet til dei tilsette i UNOPS.

vitaly Vanshelboim

Ukrainske Vitaly Vanshelboim var nestkommanderande i UNOPS, men fekk sparken av Grete Faremo i desember i fjor.

Foto: FN

Sparka nestleiaren

Grete Faremo har vore bistandsminister, olje- og energiminister, justisminister og forsvarsminister i ulike Ap-leia regjeringar i Noreg.

I brevet til dei tilsette skildrar ho korleis ho bestemte seg for å avsetje ukrainaren Vitaly Vanshelboim frå stillinga som nestleiar i FN-byrået.

Årsaka var den pågåande etterforskinga.

– Eit sjokkerande tillitsbrot gjer vondt, og det har skaka organisasjonen djupt, skriv Faremo i brevet.

Skal ha gitt pengar frå fond

Ifølgje New York Times skal to FN-tilsette ha forvalta eit fond som plutseleg hadde 61 millionar dollar i overskot, som dei ikkje visste kva dei skulle gjere med.

Etter at dei møtte den britisk forretningsmannen David Kendrick på ein fest, skal dei ha tilbode han fleire titals millionar dollar.

FN sine revisorar meiner at Kendrick skal ha misleghalde meir enn 22 millionar dollar, som eigentleg skulle vere brukt til å hjelpe utviklingsland.

Mellom anna skal dotter til forretningsmannen ha fått 3 millionar dollar for å produsere ein song, eit videospel og ein nettstad som fremjar forståing for miljøtruslar mot verdshava, skriv avisa.

David Kendrick og dotter hans er representert av Carter-Ruck, eit advokatfirma i London. Dei hevdar at dei er uskuldige.

– Klientane våre trur sterkt på prosjekta sine og deira evne til å sluttføre desse. Dei er lei seg for at dei, utan skuld, har vorte eit mål for ein kampanje som er ute etter å skade omdømmet deira, skriv Carter-Ruck i uttalen.

SISTE NYTT

Siste nytt