Hopp til innhold

– Ho var eit menneske – ho var perfekt

Det var sterke scener då systera og foreldra til den drepne britiske politikaren Jo Cox møtte fram på staden der drapet skjedde sist torsdag.

Blomster for Jo Cox

MINNES: Mange menneske har lagt ned blomar på staden der Jo Cox vart drepen sist torsdag.

Foto: AFP PHOTO / BEN STANSALL

Fleire hundre menneske var samla på drapsstaden i Birstall i Yorkshire for å minnast Labour-politikaren Jo Cox. Heilt frå drapet skjedde har folk lagt ned blomar på staden, og det har vorte ein stad der menneske har møtt fram for å sørgje.

Den ferske parlamentsmedlemen Jo Cox hadde var på veg til eit møte med veljarar i valkrinsen ho representerer i Birstall, då ho møtte lagnaden sin ute på gata. 52 år gamle Thomas Mair skaut og knivstakk henne , og ho døydde på sjukehuset kort tid etter.

– Vil leve vidare

Foreldra til Jo Cox, Jean og Gordon Leadbeater.

Foreldra til Jo Cox, Jean og Gordon Leadbeater, møtte andre sørgjande på drapsstaden i Birstall i dag.

Foto: Danny Lawson / Ap

I dag kom foreldra og systera hennar til staden for å sørgje saman med dei andre. Systera Kim Leadbeater heldt ein kjensleladd tale til dei frammøtte.

– Akkurat no er familien vår øydelagd, men han vil bli reparert med tida. Jo vil alltid vere med oss. Ho var eit menneske – ho var perfekt, sa ho blant anna.

Kim Leadbeater sa også at systera vil leve vidare gjennom mannen Brendan og dei to borna Lejla (5) og Cuillin (3).

Jo Cox, som hadde bakgrunn som hjelpearbeidar i den humanitære organisasjonen Oxfam, var ein sterk forsvarar for flyktningar sine rettar. Ho var også ein varm tilhengjar av at Storbritannia skal halde fram som EU-medlem.

Høyrde to skot

Dette sterke engasjementet har også gitt henne fiendar.

Ben Abdallah, som dreiv valkamp saman med Jo Cox før valet i fjor, fortel at han var like ved henne då han plutseleg høyrde to skot.

Kim Leadbeater heldt tale.

Kim Leadbeater (t.v.), systera til Jo Fox, held ein kjensleladd minnetale. Foreldra Jean og Gordon ved sida av henne

Foto: OLI SCARFF / Afp

– Eg såg henne ligge på bakken. Ansiktet hennar var fullt av blod. Eg trur idealismen hennar vil leve vidare, og at vi kjem til å lære noko av dette, sa han tidlegare i dag.

I går ringde USAs president Barack Obama til ektemannen til Jo Cox, Brendan Cox, for å framføre sine kondolansar.

– Verda har vorte ein betre stad på grunn av hennar uegoistiske hjelp til andre. Ingen kan rettferdiggjere ei så grufull handling, sa Obama blant anna.

Thomas Mair (rettsteikning).

Thomas Mair vart framstilt for retten i dag. Teikninga er laga av ein rettsteiknar.

Foto: ELIZABETH COOK / Reuters

Ein 77 år gammal mann, som prøvde å hjelpe Jo Cox etter angrepet, ligg såra på eit sjukehus i Birstall.

– Nasjonalistiske motiv

Politiet trur gjerningsmannen hadde nasjonalistiske motiv, og han skal også ha hatt nynazistiske synspunkt . Han vart framstilt for retten i Westminster Magistrates Court i London dag. Då han vart beden om å seie namnet sitt, ropte han: Død over svikarane og leve Storbritannia.

Thomas Mair er fengsla i Belmarsh-fengselet, som skal vere det sikraste i Storbritannia. Han skal møte for retten i Old Baily førstkomande måndag.

Tror drapet på Cox vil holde landet i EU

SISTE NYTT

Siste nytt