Hopp til innhold

Linköping: – Bombe kan ha vore plassert i varesykkel

Politiet i den svenske byen Linköping har mistanke om at bomba som vart i eit bustadområde fredag morgon, vart frakta dit på ein varesykkel.

Bombeangrep i Linköping.

Over 100 husvære fekk skadar i bombeangrepet i den svenske byen Linköping fredag morgon.

Foto: Social Media / Reuters

Over 20 menneske vart såra i eksplosjonen, og rundt 250 husvære fekk til større og mindre skadar. Ingen skal vere livstruande skadd. Det vart raskt klart at det var snakk om ein bombeeksplosjon .

No ynskjer politiet informasjon om ein sykkel med eitt hjul bak, to framme og ei lastekasse. Björn Öberg, pressetalsmann hos politiet, seier til SVT at detonasjonen av bomba kan ha skjedd i eller ved denne sykkelen.

– Kan ha kome på sykkel

Varesykkel.

Politiet mistenkjer at bomba kan ha blitt frakta med ein varesykkel av denne eller liknande type.

Foto: Politiet

– Vi har ein mistanke om at sprengladninga låg i ein slik sykkel. Det betyr også at gjerningspersonen kom til staden på sykkelen, seier spaningsleiar Magnus Skoglund til SVT.

Han vil ikkje kommentere om det er funne restar av ein slik sykkel på staden. Politiet ber om tips, og dei ynskjer også å kome i kontakt med alle i dette bustadområdet som har ein slik varesykkel

I går kveld melde den svenske avisa Expressen at ein 29 år gammal mann med tilknyting til ein MC-klubb, kan ha vore det eigentlege målet for bombeangrepet mot eit bustadområde i den svenske byen Linköping fredag morgon.

Expressen melde at 29-åringen har ei kopling til eit husvære i ei av blokkene som vart ramma i eksplosjonen. 29-åringen blir framstilt som å ha ein leiande posisjon i «No Surrender», som politiet meiner er ein kriminell motorsykkelgjeng.

– Etterforskar fleire spor

Eksplosjon i Linköping.

Mange balkongar vart fullstendig øydelagde i den kraftige eksplosjonen.

Foto: Handout / Reuters

Politiet stadfestar at dei kjenner til 29-åringen, og at hans kopling opp mot ein motorsykkelgjeng er eitt av fleire spor dei etterforskar.

Etter det avisa har grunn til å tru var 29-åringen tidlegare med i det kriminelle nettverket «Black Cobra». Ei kjelde seier at han er blant leiarane i Linköping-avdelinga av «No Surrender».

Leiaren for den svenske avdelinga av «No Surrender», Geofrey Kitutu, seier til Expressen at 29-åringen ikkje har noko med klubben å gjere, og at angrepet på ingen måte var retta mot dei. Han avviser også at «No Surrender» er ein kriminell organisasjon, men stadfestar at dei har medlemer i Linköping.

Kitutu var tidlegare leiar for den kriminelle grupperinga «Original Gangsters», ifølgje kjeldene til Expressen.

– Ei kriminell handling

Motorsykkelklubben «No Surrender skal blitt etablert i Nederland, men det er uklart om dei er representerte i andre land utanom Sverige og Nederland. Tidlegare denne veka avgjorde ein nederlandsk domstol at det er ei kriminell handling å vere medlem i motorsykkelklubben. I Sverige er fleire av medlemene i klubben dømde for alvorleg kriminalitet.

Kitutu sjølv har sona ni år i fengsel for ran, forsøk på utpressing, falskmynteri, grovt narkotikabrotsverk og brot på dopinglova.

Fredag melde lokalavisa Borås Tidning at motorsykkelklubben «Bandidos» var mistenkt for å stå bak sprenginga. Kitutu avviser at «No Surrender» har ein konflikt gåande med «Bandidos».

Redningsarbeid i Linköping.

Eksplosjonen i Linköping var svært kraftig, og det var materielle skadar på rundt 250 husvære.

Foto: Jeppe Gustafsson / AFP

– Oppgjer mellom kriminelle

Hovudteorien til politiet er at det er snakk om eit oppgjer mellom tungt kriminelle grupperingar, men dei har ikkje låst seg til eit spesielt spor. Det bur personar i det ramma bustadområdet som arbeider i politi og rettsvesen, og det kan også ha vore eit motiv, meiner dei.

Politiet seier til SVT at dei mistenkjer at den eller dei som har plassert sprengladninga på staden, har vore uerfaren med sprengstoff. Det var truleg ikkje meininga å forårsaka så stor skade, meiner dei.

Politiet opplyser at ein mann på motorsykkel som er observert i område like før eksplosjonen, er interessant for etterforskinga. Mannen skal ha hatt ei tung sideveske på motorsykkel, og ifølgje vitne skal han ha oppført seg rart.

SISTE NYTT

Siste nytt