Den kjende sherpaen vart teken av raset då han skulle leggje ut tau for ei gruppe klatrarar som var på veg opp til toppen av Mount Baruntse i Nepal. Han oppheldt seg 7045 meter over havet då ulukka skjedde. Toppen av Mount Baruntse er på 7129 meter.
Det er lite håp om å finne den erfarne klatraren i live, og redningsaksjonen vart erklært avslutta i ettermiddag.
Følg med på
Dyktig og erfaren
Jiban Ghimre frå selskapet som organiserte denne turen sa til BBC i går
at Nima var i nordveggen av fjellet då raset tok han. Ingen av dei andre i ekspedisjonen vart tekne av raset.Han sa då at Chhewang Nima er ein så dyktig og erfaren klatrar at han kan ha overlevd raset. Har han hamna i ein bresprekk eller i ei lomme med luft er det håp, seier han.
Chhewang Nima Sherpa er ein av dei mest erfarne klatrarane i Nepal. Berre Appa Sherpa har vore fleire gonger på toppen av Everst enn han, han har vore der 20 gonger.
Helikopter-søk
Eit helikopter kom til området i går for å leite etter den sakna klatraren, men det dårlege veret har tvunge helikopteret til å forlate området. Det er ikkje venta betre ver den første veka, blir det opplyst.
Jon Gangdal er ein av dei mest erfarne norske Everest-klatrarane.
Foto: Aschehoug forlagTrass i at Chhewang Nima Sherpa har vore 19 gonger på det høgste fjellet i verda, Mount Everest, er han ikkje så kjend blant norske klatrarar.
Ingen av dei vi har snakka med i det norske klatremiljøet kjenner til Chhewang Nima Sherpa anna enn av omtale. Han har ikkje vore med på nokon av dei store norske Mount Everest-ekspedisjonane.
Ein av nestorane i dette miljøet, Everest-veteranen Jon Gangdal, kjenner ikkje til Chhewang Sherpa personleg, men seier at det alltid er dobbelt tragisk når ein sherpa misser livet under klatring.
- Desse menneska klatrar ikkje for spenninga si skuld, dei gjer det for å tene pengar så dei kan overleve, seier han.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: