Hopp til innhold

Erdogan nektar å stanse militæraksjonen i Syria

Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan avviser den internasjonale kritikken av militæraksjonen mot det nordlege Syria. Han gjer det klart at ingen vil greie å presse landet til å stanse framrykkinga.

Recep Tayyip Erdogan.

Recep Tayyip Erdogan nektar å bøye seg for internasjonalt press om å stanse militæraksjonen i Syria.

Foto: Adem Altan / AFP

Kamphandlingane held fram for fullt i grenseområdet mellom Tyrkia og Syria. Ifølgje FN er 100.000 menneske drivne på flukt. Ei observatørgruppe seier at 100 menneske er drepne på den syriske sida av grensa, og at 17 av desse er sivile. To tyrkiske soldatar er også drepne.

Dødstala aukar også i Tyrkia. I dag vart åtte sivile drepne og 35 såra i eit granatangrep mot den tyrkiske grensebyen Nusaybin i Mardin-provinsen, opplyser lokale styresmakter.

Fredag kveld blir det meldt at tyrkiske styrkar tidlegare i dag, ved ein feil, skal ha bomba ein amerikansk base ved Kobani i Syria. Ingen skal ha mist livet i angrepet mot basen, som lilgg i ei åsside utanfor Kobani, ifølgje Newsweek.

IS-angrep

Jens Stoltenberg og Recep Tayyip Erdogan.

NATO-sjef Jens Stoltenberg (t.v.) møtte Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan i Ankara fredag.

Foto: AP

Inne i Syria har også terrororganisasjonen IS vore på offensiven. Dei teke på seg skulda for eit bombeangrep som tok livet av seks menneske i den kurdisk-kontrollerte byen Qamishli. Det skal både ha vore militære og sivile blant offera.

Samstundes skal fem IS-krigarar ha greidd å rømme frå eit fengsel i Qamishli, etter kraftig bombardement frå tyrkiske soldatar. Fleire land har åtvara Tyrkia mot at IS igjen kan kome på offensiven som følgje av den tyrkiske militæraksjonen på syrisk område.

Fleire tusen IS-fangar er i fengsel i dei kurdiske områda nord i Syria, og det er stor frykt for at mange vil greie å rømme. Både USA og EU har bede Tyrkia om å stanse framrykkinga inne i Syria, og USA har trua med harde økonomiske sanksjonar mot landet.

IS-angrep i Syria.

IS har teke på seg skulda for bilbombeangrepet i den kurdiske byen Qamishli fredag der seks menneske vart drepne.

Foto: Mohammed Ahmad / AFP
Tyrkisk militæraksjon i Syria.

Tyrkiske stridsvogner på veg inn i Syria tidlegare fredag.

Foto: Bakr Alkasem / AFP

– Kritikk frå aust og vest

Recep Tayyip Erdogan gjorde det i ein tale i Istanbul i kveld det klart at han ikkje har tenkt å gi etter for internasjonalt press.

– Det kjem kritikk frå aust og vest, dei seier vi skal stanse det vi har starta på. Vi har ikkje tenkt å høyre på dei. Vi kjem til å halde fram heilt til terroristane er jaga ut av ei sone 32 kilometer frå grensa, sa Erdogan blant anna i talen.

Tyrkia ser på den kurdiske YPG-militsen, som kontrollerer store delar av det nordlege Syria, som ei terrorgruppe på lik line med PKK-geriljaen.

Torsdag trua Erdogan med å opne grensene mot Europa for fleire millionar syriske flyktningar, som i dag er i leirar i Tyrkia, om dei held fram med kritikken av Tyrkia.

FN-kjelder seier til nyheitsbyrået AP at krigshandlingane har ført til at eit vassverk, som forsyner 400.000 menneske med vatn, er ute av drift. Det har ikkje vore mogleg å reparere skadane på grunn av kampane, men FN prøver å forhandle fram ein «humanitær pause».

Det er i kveld meldt om fleire eksplosjonar nær sentrum i byen Qamishli, truleg som følgje av tyrkisk artilleri.

Pro-tyrkiske syriske militssoldatar.

Desse pro-tyrkiske syriske militssoldatane skal kjempe saman med dei tyrkiske soldatane inne i Syria. Her er dei på veg over grensa tidlegare fredag.

Foto: Bakr Alkasem / AFP

– Impulsiv handling

USAS forsvarsminister Mark Esper

USAs forsvarsminister Mark Esper kom med sterk kritikk av Tyrkia fredag.

Foto: Manuel Balce Ceneta / AP

USAs forsvarsminister Mark Esper kallar den tyrkiske avgjerda om å gå inn i Tyrkia for impulsiv, og han meiner invasjonen vil gjere situasjonen i området endå meir ustabil. Han gjorde det også klart at den tyrkiske aksjonen har gjort alvorleg skade på det alt svekte forholdet mellom USA og Tyrkia.

Esper avviste at USA har svikta dei kurdiske YPG-styrkane, sjølv om dei amerikanske soldatane er trekte ut frå grenseområdet mellom Tyrkia og Syria. YPG har vore ein viktig partnar for USA i Syria i kampen mot IS.

Forsvarsministeren sa likevel at det verkar som om den tyrkiske militæraksjonen på den syriske sida av grensa er «relativt avgrensa».

Samstundes sa USAs finansminister Steven Mnuchin at USA no legg planar for å innføre økonomiske sanksjonar mot Tyrkia.

– Det er snakk om svært kraftige sanksjonar. Vi håper at vi slepp å bruke dei, men vi er i stand til å stengje ned den tyrkiske økonomien om det skulle bli naudsynt, sa Mnuchin blant anna.

Kurdere i Norge er redde for familie og venner: – Det er bare kaos i hodet

SISTE NYTT

Siste nytt