Hopp til innhold

England ramma av jordskjelv

Det sørlege England vart ramma av eit jordskjelv i føremiddag, og det er meldt om skadar på fleire hus.

Brannvesenet inspiserer ei jordskjelv-skadd pipe i byen Folkestone i Kent.
Foto: TOBY MELVILLE / REUTERS

Skjelvet målte 4,7 på Richter-skalaen. Såpass kraftige jordskjelv er svært uvanlege i Storbritannia.

Det blir meldt frå Canterbury, som ligg nær skjelvet sitt senter, at skorsteinar har falle ned frå fleire hus, og mange hus har slått sprekker.

BBC melder at elektrisiteten er borte i dette området som følgje av skjelvet.

 

Mykje murstein i gatene etter jordskjelvet i Folkestone i Kent.
Foto: TOBY MELVILLE / REUTERS

Det er ikkje meldt om personskadar.

Jordskjelvet vart merka over store delar av det sørlege England klokka 09.15 norsk tid.

Skjelvet sitt episenter er lokalisert til 25 kilometer sør for Canterbury 7,1 kilometer under bakken.

- Eg høyrde eit kraftig brak som vart stadig sterkare. Det kjendest som om nokon stod ved enden av senga mi og hoppa opp og ned, seier 27 år gamle Hendrick van Eck frå Canterbury.

 

Jordskjelv
Foto: British Geological Survey / AP

 

SISTE NYTT

Siste nytt