Hopp til innhold

Kroppsdelar funne i veske utanfor Stockholm

Ein person er pågripen og to etterlyste etter at kroppsdelane til ein mann vart funne i eit skogområde.

Mannen vart funne i Värmdö, ei øy like utanfor Stockholm.

Eit brutalt mord skakar Sverige.

Sundag vart ein mann i 30-åra funnen død på Värmdö utanfor Stockholm. Stadfestinga frå politiet kom etter at dei i nokre timar hadde undersøkt ei veske i området.

Det vart funne kroppsdelar i veska, erfarar dei svenske media Aftonbladet og TV4.

Politiet har ikkje bekrefta at mannen vart funnen i veska. Men på spørsmål frå Expressen om dette, svarar pressetalsperson Mats Eriksson:

– Det er det eg trur, men eg veit ikkje.

Ein pågripen – to etterlyste

Tysdag vart ein 19 år gamal mann pågripen i saka. Han er mistenkt for drap og grovt brot på gravfreden.

Han er førebels ikkje avhøyrt.

– 19-åringen vart pågripen tysdag og skal avhøyrast så snart han har fått ein offentleg forsvarar. Deretter kjem eg til å ta stilling til om me skal be om fengsling, seier påtaleansvarleg Cecilia Tepper i ei pressemelding sitert av fleire svenske medium.

To andre personar er òg etterlyste i same sak.

Ifølgje svenske medium er det eit par – ein mann og ei kvinne – som er etterlyst, men politiet har ikkje bekrefta det.

Tingretten i Nacka har òg bestemt at namna til dei to vere hemmelegstempla, skriv SVT.

Politiaksjonar fleire stader

Svenske medium skriv at politiet hadde fleire aksjonar i Sør-Sverige natt til tysdag, og at desse skal vere kopla til drapssaka.

Politiet har førebels ikkje vilt kommentera det.

Dette drapet kjem samstundes som ei oppblomstring i valdsbølga i Sverige, med mellom anna fleire eksplosjonar i Stockholm-området.

Politiet trur likevel ikkje at denne saka har noko kopling til gjengkriminaliteten, opplyser politiet til fleire medium.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.