Hopp til innhold

Ekstremorkan herjar i Karibia: Oppgradert til kategori 5

Orkanen «Beryl» har treft det sørlege Karibia med full styrke. Ingrid Marie frå Karmøy bur i Karibia og trur at konsekvensane kan verte katastrofale.

Satellittbilder viser de voldsomme kreftene til «Beryl».

Satellittbilete viser dei veldige kreftene til «Beryl».

Video: CSU/CIRA & NOAA

Tysdag morgon melde U.S. National Hurricane Center (NHC) at «Beryl» hadde forsterka seg til ein kategori 5-orkan.

Det er det tidlegaste ein orkan har vorte så sterk såpass tidleg i orkansesongen, som startar 1. juni og varar til 30. november kvart år.

Sist gong ein altanterhavsorkan var så sterk i juli månad, var då «Emily» tok livet av ein person i Grenada og fem på Jamaica i 2005.

Dette satellittbildet fra National Oceanic and Atmospheric Administration tatt kl. 22:50 EDT viser orkanen Beryl, sentrum, mens den beveger seg over Karibia mandag 1. juli 2024. Orkanen Beryl har styrket seg til kategori 5-status da den krysset øyer i det sørøstlige Karibia

Dette satellittbildet frå National Oceanic and Atmospheric Administration tatt kl. 22:50 EDT viser orkanen Beryl, sentrum, mens han bevegar seg over Karibia måndag 1. juli 2024. Orkanen Beryl har styrkt seg til kategori 5-status da han kryssa øyar i det søraustlege Karibia

Foto: satellittbildet fra National Oceanic and Atmospheric Administration / AP

No rasar «Beryl» over det karibiske hav etter å ha teke livet av minst éin person på Windwardøyene.

Det er venta at orkanen vil herje gjennom fleire folkesette øyar. Hundretusenvis av menneske kan verte ramma.

Orkanar på dette styrkenivået kan gi katastrofale skadar på bustadområde og heimar, isolere heile samfunn og ta ut straumnettet i opptil fleire månadar, ifølge kategoriseringa til NHC.

På veg innover

Orkanen trefte øya Carriacou i Grenada ved 17-tida måndag og er på veg innover over Karibiahavet.

Nyheitsbyrået AP melder at «Beryl» slo i land med ein vindstyrke på opp mot 240 kilometer i timen. Allereie har fleire hustak og tre blitt blåste bort.

Reuters skriv at også kraftlinjer har vorte rivne ned.

– Det har kome inn mange rapportar om øydeleggingar og skadar i Carriacou og Petite Martinique, seier statsministeren på Grenada, Dickon Mitchell, ifølge CNN.

Han ser ikkje bort ifrå at fleire kan ha vorte skadde eller drepne i orkanen.

Det er 20 år sidan sist ein sterk orkan trefte sørlege Karibia. Den gongen mista fleire titals personar livet i Grenada.

Les også Ekstremt farlig orkan nærmer seg Karibia – første kategori 4-orkan i Atlanterhavet i juni noensinne

0PBDNTG-s3o

Har stålsett seg

Ifølge amerikanske styresmakter er «Beryl» ekstremt farleg. Orkanen trugar liv og helse, og kan føre med seg store øydeleggingar.

  • Folk vader i vannet etter oversvømmelser på Barbados.

    Folk vader i vannet etter oversvømmelser på Barbados.

    Foto: CHANDAN KHANNA / AFP/NTB
  • En gate oversvømmes på Barbados.

    En gate oversvømmes på Barbados.

    Foto: Ricardo Mazalan / AP/NTB
  • Bølger slår i land på øya Barbados i Karibien.

    Bølger og kraftig vind slår inn mot Barbados.

    Foto: Ricardo Mazalan / AP/NTB
  • Treplater festes på en bolig på Barbados.

    Innbyggere spikrer treplater på en bolig på øya Barbados.

    Foto: Ramon Espinosa / AP/NTB
  • People shop in a supermarket ahead of the arrival of Hurricane Beryl in Bridgetown

    Mange har hamstret inn vann, mat og andre nødvendige artikler i forkant av orkanen.

    Foto: Nigel R Browne / Reuters/NTB
  • Det var travelt på butikkene dagen før orkanen skulle slå til.

    Det var travelt på butikkene dagen før orkanen skulle slå til.

    Foto: Nigel R Browne / Reuters/NTB
  • I Trinidad og Tobago har soldater blitt satt i sving for å bistå.

    I Trinidad og Tobago har soldater blitt satt i sving for å bistå.

    Foto: Jermaine Cruickshank/Trinidad Express / Reuters/NTB

Det nasjonale orkansenteret merkte orkanen som kategori 4, altså det nest høgaste nivået.

Det er første gongen ein kategori 4-orkan har vore registrert så tidleg i sesongen, skriv nyheitsbyrået AFP.

Tysdag morgon vart den oppgradert til kategori 5, og omtalt som ein tropisk orkan.

Det er venta at «Beryl» treffer øyane Barbados, Grenada, Saint Lucia, Tobago og Sankt Vincent og Grenadinane. Samla har dei over 700.000 innbyggarar.

Mange har søkt ly i tilfluktsrom eller barrikadert bustadene sine. Bilete viser travle butikkar der folk hamstrar mat, vatn og andre naudsynte artiklar.

Innbyggarane har jobba hardt for å verne om bustader og andre verdiar. Mange har spikra treplater på bygga i håp om å skjerme dei frå øydeleggingar.

– Fleire vil truleg miste livet

Ingrid Marie Widvey frå Karmøy har budd på øya St. Thomas dei siste ti åra. Ho og familien har opplevd fleire kraftige orkanar.

Blant desse var to kategori 5-orkanar, inkludert orkanen «Irma» i 2017.

Ho fryktar at konsekvensane av «Beryl» kan verte katastrofale for øyane som blir hardast råka.

– Fleire vil truleg miste livet. Det er 20 år sidan dei hadde ein orkan i dei områda sist. Da døydde 40 menneske, seier Widvey.

Ingrid Marie Widvey (til høyre) og datteren Sophia (13) på øya St. Thomas.

Ingrid Marie Widvey (til høgre) og dottera Sophia (13) på øya St. Thomas.

Foto: Privat

Ho trur ikkje at øyane er førebudde på konsekvensane, både fordi fattigdom er svært utbreidd der, og fordi landa manglar skikkelege støtteapparat.

– Der nede plar dei ikkje å få orkanar i det heile. Dei har ikkje drenering og annan infrastruktur til å handtere ein orkan av denne styrken, seier Widvey.

– Dei ti åra vi har budd her har vi aldri hatt verken stormar eller orkanar i juni. Orkansesongen begynner vanlegvis i august eller september, og varer til november.

Allereie er det varsla at det kan kome fleire stormar og orkanar i næraste framtid.

– Det ser ut til å verte ein lang orkansesong, seier Widvey.

Les også Ble truffet av orkanen «Irma» – nå må de stålsette seg igjen

Stormens kurs betyr at den norske familien nok en gang må søke tilflukt på øya St. Thomas i Karibia.

Trur at straumen forsvinn

St. Thomas ligg lenger nord enn øyane som rammes hardast av «Beryl».

Karmøy-familien vil truleg ikkje bli hardt råka, men er førebudd på at uvêret vil få konsekvensar også for dei. For tida er også seks andre frå Karmøy på besøk hos dei.

– Det kan verte ganske kraftige vindkast og mykje nedbør, i tillegg til ein del lyn og tore. Truleg vil straumen vår gå ut. Det pleier han å gjere, seier Widvey.

St. Thomas.

Slik såg St. Thomas ut ved 19-tida på måndag.

Foto: Ingrid Marie Widvey

Da «Irma» trefte St. Thomas i 2017, mista dei også straumen.

– Vi har heldigvis straumaggregat og satellittelefon. Det er jo ikkje innlagt vatn her, så ein er avhengig av å ha straum.

SISTE NYTT

Siste meldinger