Israelske styrkar bortførte Ahmed Saadat frå eit fengsel i Jeriko på Vestbreidda under ein dramatisk aksjon i midten av mars i år. Den israelske hæren aksjonerte fordi dei frykta at dei palestinske styresmaktene skulle setje han fri frå fengselet.
Dermed vart det aksjonert mot fengselet, og det enda med at Saadat overgav seg. Han har heile tida avvist å ha hatt noko med drapet å gjere.
No seier det israelske justisdepartementet at dei ikkje har nok bevis til å tiltale Saadat, som er leiar for den sekulære Folkefronten for palestinsk frigjering PFLP.
Israelske styresmakter trur det var denne gruppa som stod bak drapet på turistminister Rehavam Zeevi i eit hotell i Jerusalem i 2001.
Israelske styresmakter reknar likevel å ha nok på Saadat til å få han dømd for andre "brot på tryggingslovene".
PFLP er ei marxistisk gruppe som er med i paraplyorganisasjonen PLO. PLFP er likevel motstandar av forhandlingar med Israel. Gruppa vart kjend gjennom fleire dramatiske flykapringar og andre terroraksjonar på 1960- og 1970-talet.