Bussen var full av passasjerar og blei totalt øydelagd i eksplosjonen, opplyser israelsk politi og massemedia i landet.
Ingen har sagt at dei står bak aksjonen, men Yaacob Borowsky, sjef for det regionale politiet, stadfestar at det var ei sjølvmordsbombe.
Tilstanden alvorleg
Bussen var full av passasjerar og blei totalt øydelagd i eksplosjonen. (Foto: Nir Elias-Reuters)
Politi og ambulansar var straks på full fart mot staden der bomba gjekk av. Den kraftige eksplosjonen skjedde i den bakre delen av rutebussen.
Køyretøyet var i bustadområdet Carmeliya då eksplosivane gjekk av. Heile bussen blei øydelagt og tok fyr.
- Heile toppen av er øydelagt, vindauge, dører, ikkje noko er igjen, sa eit augevitne til eksplosjonen.
Tilstanden er svært alvorleg for fleire av dei som blei skadde, og talet på drepne kan derfor kome til å stige.
Israelsk fjernsyn opplyser at dei fleste i bussen var studentar som var på veg til universitetet i byen.
Bussen trafikkerte ei strekning mellom eit bustadområde og Haifa-universitet på Carmel-fjellet.
Vil svare
Den israelske regjeringstalsmannen Avi Pazner omtalar eksplosjonen som eit svært alvorleg angrep, og seier at Israel vil svare med vidtrekkjande tiltak mot terroristorganisasjonar.
Pazner fortalte at israelsk etterretningsteneste hadde prøvd å trengje til botn i 40 tips om ein mogeleg foreståande aksjon, då bussen i Haifa ble sprengd i lufta.
Det siste sjølvmordsangrepet i Israel skjedde 6. januar i år. Då mista 23 menneske livet, og dei to bombemennene.
Den israelske hæren har i mellomtida drepe eit stort tal palestinarar i aksjoner mot mål i Gaza.
Fordømer aksjonen
Dei palestinske sjølvstyremaktene fordømer bombeaksjonen i Haifa, og det same gjer EU og USA.
Den palestinske informasjonsministeren Yasir Abed Rabbo seier dei fordømer alle angrep på sivile, inkludert bombeaksjonen i Haifa i dag.
Han seier at angrepet er med på å ta bort merksemda frå dei 150 palestinarane som Israel har drepe dei to siste månadene.