Hopp til innhold

Kinesisk TV viste dødsdømde på «den grøne mila»

Kina avretta fire drapsdømde utanlandske fangar fredag. Fangane blei på uvanleg vis eksponerte på direktesendt fjernsyn like før dødsdommen blei fullbyrda.

Narkobaronen Naw Kham på veg til avretting

Kinesisk fjernsyn viste fredag bilete av den drapsdømde myanmarske narkobaronen Naw Kham og tre medsamansvorne i det dei blei frakta til avrettingskammeret.

Foto: Wang Shen / Ap

Dei fire som «gjekk den grøne mila» var Den myanmarske narkobande-leiaren Naw Kham og tre medskuldige frå Thailand, Laos og ein av ukjend nasjonalitet.

Alle fire var dømde for narkotrafikk, kidnapping, kapring og drapa på 13 kinesiske sjøfolk i Mekong-elva den 5. oktober 2011.

TV-bileta som blei kringkasta av CCTV fredag viste dei dødsdømde fangane som marsjerte på veg til avrettingskammeret i fengselet i Kunming i den sørlege Yunnan-provinsen som grensar til Myanmar.

Alle fire hadde hand- og ankeljern på seg. Dei blei plasserte i ein stor varebil som skulle frakta dei til avrettingsstaden.

To timar etterpå kunngjorde politiet i Yunnan-provinsen at fangane var avretta med giftsprøyte. Sjølve avrettinga blei ikkje kringkasta.

Uvanleg

John Peder Egenæs

John Peder Egenæs er generalsekretær i Amnesty Norge.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Det er ikkje lenger vanleg i Kina at det blir skipa til ei «utstilling» av fangane i det offentlege før avrettinga, slik det blei gjort fredag.

Det uvanlege «stuntet» var ein respons på raseriet som drapa på sjøfolka vekte i det kinesiske folket, og eit høve for styresmaktene til å poengtera at politiet og rettsvesenet jobbar godt og effektivt, meiner ein medieprofessor ved Renmin Universitetet i Beijing til AFP.

Avrettingar føregår vanlegvis i det skjulte i Kina. Opplysningar om dødsstraff blir vurderte som ein statsløyndom. Tusenvis av menneske blir kvart år avretta i Kina, ifølgje Amnesty International - meir enn i resten av verda til saman.

– Kina vil ikkje offentleggjera kor mange dei dømmer til døden eller avrettar kvart år. Dei seier sjølv at tala har gått drastisk ned dei siste åra fordi dei har innført ein obligatorisk høgsterett-gjennomgang av alle dødsdommar. Det viktigaste kravet overfor Kina er at tala må bli offentlege, seier generalsekretær i Amnesty Norge, John Peder Egenæs.

Ifølgje Amnesty er det ei generell støtte til dødsstraff i Kina - 90 prosent av folkesetnaden er for. Samstundes er kinesarane flest skeptiske til at for mange personar og lovbrot blir straffa med dødsstraff.

Kinesiske styresmakter forsvarar bruken av dødsstraff med at dette er i tråd med folkeviljen.

– Med den reelle statistikken i hendene ville ein ha kunne starta ein mykje sterkare debatt om dødsstraff og rettstryggleik i Kina. Det er ikkje sikkert kinesarane vil ha den formen for dødsstraff som landet praktiserer i dag dersom dei visste kor mange som blir avretta og kva for nokre lovbrot som fører til dødsstraff, meiner Egenæs i Amnesty.

Presedens

Kriminelle bandar har i lange tider herja langs Mekong-elvebreiddene. Elva er ei viktig fartsåre og attraktiv for kriminelle gjengar som livnærer seg av produksjon og smugling av heroin og metamfetamin, og av å pressa forbipasserande båttrafikk for pengar.

Narkobaronen Naw Kham har blitt rekna som ein av dei mektigaste i i det såkalla Gylne Triangelet i Thailand, Laos og Myanmar.

Naw Kham blei arrestert i Laos i april i fjor, og utlevert til Kina kort tid etterpå. I retten kom det fram at dei fire hadde samarbeid med ei gruppe desertørar frå den thailandske hæren.

Dei drepne fiskarane blei funne i to kinesiske lasteskip på den thailandske sida av elva.

Kinesiske styresmakter gjorde kort prosess. Fredag, under eitt år etter arrestasjonane, blei dødsdommane fullbyrda.

– Denne saka har skapa presedens i Kina. Styresmaktene trappar opp jakta på kriminelle som står bak brotsverk mot medborgarar. Det medfører ei utviding av fullmaktene til kinesisk politi i naboregionar, seier visedekanus Jin Canrong ved Internasjonale studiar, Renmin Universitetet i Beijing til nyheitsbyrået AFP.

Giftsprøyte framfor nakkeskot

Gry Larsen

Gry Larsen er statssekretær i Utanriksdepartementet.

Foto: Sjøwall

Både giftsprøyte og skyting er lovlege avrettingsmetodar i Kina. Landet har på langt på veg slutta med å avretta fangar framfor folkemassar, og bruken av giftsprøyte som metode aukar.

– Det viktige overfor land som Kina er å påpeika kor viktig det er med openheit slik at ein får kjennskap til korleis situasjonen faktisk er. Kor mange lovbrot fører til dødsstraff? Kor mange personar blir avretta?, seier statssekretær i Utanriksdepartementet Gry Larsen (Ap).

Larsen var tidlegare denne veka i Geneve under opninga av vårsesjonen til FN sitt menneskerettsråd. Måndag leidde den norske representanten eit arrangement om dødsstraff saman med Den internasjonale kommisjonen mot dødsstraff (ICDP).

97 land og sjølvstyrte område har avskaffa dødsstraff for alle lovbrot. 58 land har framleis dødsstraff i lovverket sitt, og har avretta fangar i løpet av dei siste ti åra. I 2011 blei det avretta minst 680 fangar i 20 land, ekskludert Kina.

– Eg trur me har kome så langt at det ikkje lenger er eit spørsmål om det kjem eit globalt moratorium (stans i avrettingar utan endring i lovverket, journ.merk.), men kva tid det skjer. Men me må passa på alle landa som går i negativ retning, seier statssekretæren.

SISTE NYTT

Siste nytt