Hopp til innhold

Her aukar bruken av dødsstraff

Dødsstraff er på frammarsj i fleire land etter årevis utan avrettingar. – Urovekkjande, meiner Amnesty og norske styresmakter.

Demonstrasjonar i India etter valdtekter

Etter å ha avstått frå avrettingar i åtte år, gjennomførte India nyleg to avrettingar på berre tre månader. Fleire brutale valdtekter rundt om i landet får stadig fleire indarar til å støtta opp om bruken av dødsstraff.

Foto: Andrew Caballero-Reynolds / Afp

Skyting, steining, henging, halshogging, elektrisk stol, giftstprøyte, gasskammer.

Metodane for avretting er mange. Heldigvis blir landa som praktiserer dødsstraff stadig færre. Likevel er det einskilde statar som går mot straumen:

Dette er tendensar innan bruk av dødsstraff som uroar Amnesty og norske styresmakter.

– Det er urovekkjande at land som ikkje har avretta på lenge no har begynt igjen eller førebur seg på å gjera det. Dette viser at me framleis må arbeida hardt for å avskaffa dødsstraff overalt, seier generalsekretær John Peder Egenæs.

Forverring i Japan og Gambia

John Peder Egenæs

John Peder Egenæs er generalsekretær i Amnesty Norge

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

I Japan var det full stopp i avrettingar mellom juni 2010 og mars 2012. Men sju nye fangar måtte bøta med livet i 2012, og seinast i februar blei tre fangar hengde. I tillegg sit 134 fangar på dødscelle - det høgaste talet på femti år, ifølgje Amnesty.

Gambia hadde ikkje fullbyrda ei dødsstraff på 27 år, men sjokkerte ei heil verd då ni av 47 fangar som sit på dødscella blei avretta ved skyting i august i fjor. Presidenten i det vestafrikanske landet har varsla at dei resterande 38 vil li same lagnad.

– I løpet av det siste året har me sett ein veldig urovekkjande trend som me følgjer nøye med på. Nokre land som har hatt moratorium (stans i avrettingar utan endring i lovverket, journ.merk.) over fleire år begynner no plutseleg å avretta igjen. Japan og Gambia er døme på slike land med urovekkjande tendensar, seier statssekretær Gry Larsen i Utanriksdepartementet.

UD: – Me tek det opp

Gry Larsen

Statssekretær Gry Larsen i Utanriksdepartementet.

Foto: Sjøwall

Larsen er denne veka til stades under opninga av vårsesjonen til FN sitt menneskerettsråd i Geneve. Måndag leidde den norske representanten eit arrangement om dødsstraff saman med Den internasjonale kommisjonen mot dødsstraff (ICDP).

Føremålet med tilskipinga var å opplysa om kvifor det er viktig å forby dødsstraff, og å drøfta korleis ein best kan jobba opp mot landa som har slik straff.

Ho understrekar at den globale trenden er positiv. Fleire og fleire land innfører såkalla moratorium eller avskaffar dødsstraff.

– Men det er viktig å følgja med, også på land som tek steg i ei retning som tyder på at dei kan koma til å nytta dødsstraff, seier statssekretæren.

Egenæs i Amnesty tolkar heller ikkje den alarmerande utviklinga som eit tilbakeslag i kampen mot dødsstraff, men som «enkelttilfelle der det går feil veg»:

– Tilbakefall er det likevel ikkje rom for. Å stoppa bruken av dødsstraff er difor ein av Amnesty sine kampanjar i år.

(Artikkelen held fram under biletet)

Protestar mot dødsstraff i Tokyo

Ingen blei avretta i Japan i 2011. I ettertid har ti fangar fått fullbyrda dødsstraffa si. Japanske borgarar fryktar at styresmaktene planlegg ei opptrapping.

Foto: YOSHIKAZU TSUNO / AFP

Fokus på enkeltland

Japan er, forutan USA, det einaste industrialiserte demokratiet i verda som har dødsstraff som ein lovfesta straffemetode som også har blitt praktisert i løpet av dei ti siste åra.

Mange fryktar at regjeringsskiftet i desember i fjor markerte slutten på den positive trenden med å avstå frå å fullbyrda dødsstraffar. Førre gong den konservative statsministeren Shinzo Abe styrte landet (2006-2007) blei ti fangar avretta på under eitt år.

Er det ein potensiell fare ved at land avstår frå å avretta, men ikkje fjernar dødsstraff frå grunnlova, ettersom bruken lett kan blussa opp att etter eit maktskifte?

– Ja, difor er det så viktig at me er «på» og tydelege overfor desse landa. Me tek det opp med Japan og Gambia og har eit konstant fokus på utviklinga i enkeltland. Det er viktig å jobba internasjonalt for å mobilisera fleire til å vera med i kampen mot dødsstraff, seier statssekretær Larsen.

Valdtektsbølgje gir dødsstraff-ja

Demonstrant krev dødsstraff for valdtekt.

Indarar reiser krav om å straffa valdtektsmenn med døden etter ei rekkje groteske, dødelege valdtekter i landet. Dødsstraff skremmer ikkje folk frå å valdta, ifølgje Amnesty.

Foto: NARINDER NANU / Afp

Etter å ha avstått frå avrettingar i åtte år, gjennomførte India nyleg to avrettingar på berre tre månader.

Den siste var Mohammad Afzal Guru, som blei hengd den 9. februar, ti år etter at han fekk dødsdommen for konspirasjon og åtak mot den indiske staten. Familien skal ikkje ha blitt informert om avrettinga, og fekk ikkje liket heim til gravferd.

Larsen i Utanriksdepartementet har ikkje eit klart svar på kvifor India og fleire andre land plutseleg vel å ta i bruk dødsstraff igjen, men trur det er hendingar, diskusjonar eller avgjerder i dei aktuelle landa som ligg bak.

Dødsstraff får til dømes oppslutnad frå stadig fleire indarar etter dei mange grufulle valdtektene som har sett sinna i kok blant borgarane den siste tida.

Ifølgje Amnesty er det dei mange mytene om dødsstraff som held denne straffemetoden i live.

– Folk trur at dødsstraff vil skremma folk frå å valdta. Dette er det forska mykje på, og det er ingenting som tyder på at dødsstraff er meir effektivt enn fengsel som preventivt verkemiddel, meiner Egenæs i Amnesty.

– Organisasjonar som Amnesty og lokale og nasjonale organisasjonar i land som faktisk praktiserer dødsstraff må fortsetja det arbeidet dei driv med. Folk må opplysast. Me må avliva mytene om dødsstraff, legg han til.

– Noreg overraska etter 22. juli

Blant nordmenn har det lenge vore massiv motstand mot dødsstraff. Utanskjers var forundringa stor då terroren mot Noreg 22. juli 2011 ikkje resulterte i eit sterkt krav frå folkedjupet om å innføra dødsstraff.

– Noreg har ei viktig rolle i det internasjonale arbeidet mot dødsstraff. Me har fått ei enda meir truverdig stemme fordi me også etter 22. juli har halde sterkt på prinsippet om å ha eit rettssystem som er rettferdig, respekterer menneskerettane og som ikkje medfører at nokon blir dømde til døden, seier Egenæs.

Saman med vertslandet Spania, er Noreg ein sentral støttespelar for den femte Verdskongressen mot dødsstraff, som blir skipa til i Madrid 12-15. juni.

Statssekretær Gry Larsen seier arbeidet opp mot denne konferansen no er i ein avgjerande fase.

– Me håpar at land som har dødsstraff i lovverket sitt nyttar høvet på konferansen til å forplikta seg til redusert bruk av dødsstraff, seier ho.

SISTE NYTT

Siste nytt