NRK Meny
Normal

Difor måtte Kim Jong-un sin halvbror døy

Ein ny BBC-dokumentar hevdar å ha svaret på kvifor halvbroren til Nord-Koreas diktator Kim Jong-un vart drepen på flyplassen i Malaysia. Dei kjem også med nye opplysningar om drapet som sjokkerte verda.

Urix forklarer: Dette er Kim-klanen.

Det var eit drap i sakte film.

Klokka 9 om morgonen den 13 januar, kjem ein mann i grå dress inn i terminalbygninga ved Kuala Lumpur internasjonale flyplass.

Han sjekkar inn på ein Air Asia-automat. Han skal ta lågprisfly til Macau.

Frå to sider kjem to kvinner mot han bakfrå. På overvakingsvideoen ser det ut som at dei dyttar borti han.

Bildene som skal være fra overvåkingskameraet på flyplassen i Kuala Lumpur, viser angivelig det dødelige angrepet på nordkoreanske Kim Jong-nam. Sørkoreansk etterretning mener han ble drept med gift av nordkoreanske agenter på flyplassen i Kuala Lumpur.Bildene som skal være fra overvåkingskameraet på flyplassen i Kuala Lumpur, viser angivelig det dødelige angrepet på nordkoreanske Kim Jong-nam. Sørkoreansk etterretning mener han ble drept med gift av nordkoreanske agenter på flyplassen i Kuala Lumpur.

Ser ein nærare på videon kan ein sjå at ei av kvinnene klut over munnen hans. Så forsvinn dei roleg. Det heile tok fem sekund, og ingen rundt la merke til noko som helst.

Men Kim Jong-nam har ikkje lenge igjen å leve.

Han ber politiet om hjelp, og dei hjelper den ustø mannen finne flyplassklinikken.

Farrah Naz Karim

JOURNALIST VED NEW STRAITS TIMES: Farrah Naz Karim frå Kuala Lumpur, har dekka drapet på Kim Jong-nam

Han sveitta kraftig, og gjorde i buksa, fortel nyheitsjournalist Farrah Naz Karim til BBC.

Så kollapsar han inne på klinikken, og blir ført ut i båre.

Klokka 11:05 var han erklært død. Det heile hadde teke litt over to timar.

Sjølv om han reiste under alias på eit nordkoreansk diplomatpass, vart det raskt klart at dette var halvbroren til Nord-Koreas øvste leiar, Kim Jong-un.

  • I ein ny dokumentar frå BBC kjem det fram nye detaljar om attentatet som har sjokkert ei heil verd. Den blir sendt på Urix i kveld klokka 21:30 på NRK2.
MALAYSIA-NKOREA-CRIME-TRIAL

KVA VEIT HO?: Vietnamesiske Thi Huong står tiltalt for drap og risikerer å bli hengt. Ho hevdar at ho ikkje visste noko om drapsplanane, og at ho berre skulle utføre ein praktisk spøk for eit humorprogram.

Foto: MOHD RASFAN / AFP

Dei uvitande leigemordarane

Dei to kvinnene vart raskt spora opp av politiet.

Ein av dei var den 25 år gamle indonesiske eskortejenta Siti Aisyah.

Det ho forklarte til politiet, sjokkerte ei heil verd.

Ho hevda at ho var hyra inn av eit humorprogram, for å lage skjult kamera sketsjar. 750 kroner hadde ho fått for å legge kluten rundt munnen til Kim Jong-nam.

Den andre kvinna var vietnamesiske Thi Huong. Ho hadde reist frå heimbyen Hanoi, der ho arbeidde i ein bar, og drøymde om å bli songar.

Forsvarsadvokatane til dei begge hevdar kvinnene ikkje visste kva dei var med på. Og begge erklærte seg ikkje skuldig da rettssaka mot dei byrja 2. oktober.

Dei risikerer dødsstraff for drapet.

Malaysia North Korea Siti Aisyah

FEMME FATALE?: Indonesiske Siti Aisyah blir ført inn i rettssalen. Ho hevdar ho møtte medtiltalte Thi Huong for første gang på flyplassen.

Foto: Sadiq Asyraf / AP

Det nesten perfekte attentat

Ifølgje BBC-dokumentaren, som går i Urix i kveld, blir det hevda at drapet på Kim Jong-nam var ein nøye planlagt etterretningsoperasjon.

For etter at politiet analyserte alt av videomateriale frå flyplassen, viste det seg at det hadde vore minst fire hemmelege agentar frå Nord-Korea på plass, da drapet skjedde.

Nøkkelfiguren er ein mann i grå skjorte, identifisert som 57 år gamle Ri Jae Nam.

MALAYSIA-NKOREA-SKOREA-KIM-BROTHER-COMBO

FIRE HEMMELEGE AGENTAR FRÅ NORD-KOREA: 34 år gamle Hong Song Hac, 33 år gamle Ri Ji Hyon, 55 år gamle O Jong Gil og 57 år gamle Ri Jae Nam. Dei var på flyplassen under drapet, men kom seg ut av landet utan å bli oppdaga.

Foto: HANDOUT / AFP

Han var kjend av det internasjonale etterretningsmiljøet. Ein mann med lang erfaring i dei hemmelege tenestene, og med eit stort nettverk.

Ifølgje BBC koordinerte Ri Jae Nam drapet ved ein kaffibar i terminalbygninga.

Agent nummer to står på post og signaliserer når «målet» har kome inn. Så går han vekk.

Når Kim Jong-nam sjekkar inn på AirAsia-automaten, er han fullstendig uvitande om at han er omringa av nordkoreanske agentar, som har planar om å drepe han.

I det kvinnene nærmar seg, kan ein skimte agent nummer tre som står og passar på.

Og når Kim Jong-nam står inne på klinikken, går agent nummer fire forbi og ser inn på den døyande mannen.

Før Kim Jong-nam var død, hadde agentane teke eit fly til Jakarta. Derfrå reiste dei vidare via Dubai og Vladivostok, til Pyongyang. Hovudstaden i Nord-Korea.

Ken Gause

KOREA EKSPERT: Ken Gause analyserer psykologien til autoritære regimer for tenkjetanken International Affairs Group.

Det var tilsynelatande eit perfekt attentat. Men ein ting gjekk ikkje etter planen. For dei to kvinnene skulle også døy av nervegifta VX, fordi dei ikkje brukte hanskar, seier Nord-Korea-ekspert Ken Gause til BBC.

– Men dei gjekk raskt på toalettet og vaska vekk gifta, dette gjorde at dei overlevde, fortel Ken Gause, direktør ved tenkjetanken International Affairs Group til BBC.

Og med dette fekk politiet to viktige vitne i ei sak som peikar mot øvste leiar i Nord-Korea.

NORTHKOREA-MALAYSIA/KIM-COURT

FORRETNINGSMANN OG PLAYBOY: Kim Jong-nam var busett i Macau og likte å gamble. Han dreiv også lyssky forretningar for regimet i Nord-Korea, ifølgje BBC dokumentaren.

Foto: KYODO Kyodo / Reuters

Playboyen

Kim Jong nam var kjend som ein playboy, med base i Macau, som av mange blir kalla Kinas Las Vegas.

Her skal han ha levd eit utsvevande liv med mange koner, som han hadde minst seks barn med.

Sjå intervjuet med Kim Jong-nam sin son Kim han-sol ved United World College i Mostar, Bosnia

Ein ting Kim Jong-nam likte å gjere var å var å spandere prostituerte på venane sine.

Michael Madden

EKSPERT PÅ KIM-KLANEN: Michael Madden driv ein tenkjetanken North Korea Leadership Watch.

– Han ville seie noko som at «eg betalar hundre tusen kroner, viss de vil ha sex med desse vakre tsjekkiske kvinnene», fortel Michael Madden frå tenkjetanken North Korea leadership Watch til BBC.

Madden legg til at Kim Jong-nam likte å sjå på når venene hadde sex.

– Kikkekulturen er i høgste grad levande i Nord-Korea, der alle blir overvaka, fortel han til BBC.

For å finansiere livsstilen sin dreiv han eit internasjonalt forretningsnettverk som genererte inntekter for Kim dynastiet i Pyongyang.

– Kim Jong-nam dreiv ei heil rekke ulovlege forretningar på vegner av Nord-Korea, fortel Sue Mi Terry, som tidlegare var Nord-Korea analytikar for CIA.

NORTHKOREA-SOUTHKOREA/

EKSPERT: Sue Mi Terry er direktør i konsulentselskapet Bower Group Asia. Tidlegare sat ho på Nord-Korea desken til CIA.

Foto: LUCAS JACKSON / Reuters

– Han kunne ha vore involvert i ulovleg handel med kjernevåpen eller rakett-teknologi. Han kunne ha drive med forfalsking av pengar, eller narkotikasmugling. Det er litt uklart nøyaktig kva han dreiv med, men alltid så handla det om pengar som vart sendt til regimet i Nord-Korea, fortel Sue Mi Terry til BBC.

Men kvifor ynskte Nord-Koreas øvste leiar å drepe sin eigen halvbror?

BBC-dokumentaren hevdar dei har svaret.

BBC: – Halvbroren var ein trussel mot Kim Jong-un

Den paranoide Kim Jong-un har avretta fleire hundre leiarar etter at han tok makta. Dette for å hindre at nokon kunne utfordre han.

Ein av dei var onkelen Jang Song-Thaek, som vart sprengt i lufta med eit antitankvåpen, medan familien vart tvinga til å sjå på.

Utreinskingane til Kim Jong-un, gjorde halvbroren meir og meir sårbar, meiner BBC-dokumentaren.

For som den eldste sonen til Kim Jong-il, kunne han utfordre posisjonen til Kim Jong-un. Og enda verre, han hadde offentleg hevda at Kim Jong-un mangla erfaring, og ville bli ei nikkedokke.

Kim Jong-nam hadde også lufta tankar om å opne opp Nord-Korea og å reformere økonomien.

US North Korea

ODELSGUTEN: Kim Jong-nam var ein latent trussel mot halvbroren Kim Jong-un. Han snakka også ope om reformer, og kritiserte at den yngre broren hadde blitt den nye leiaren for landet.

Foto: Wong Maye-E Shizuo Kambayashi / AP

– Ville til Europa

Så hadde han planar om å flytte til Europa, fortel gamle klassekameratar i Sveits til BBC. Dette gjorde Kim Jong-un svært uroa, blir det hevda i BBC dokumentaren.

For dette ville i praksis bety at han hadde hoppa av frå regimet. Og som den mest profilerte Nordkoreanske avhopparen, ville han bli ein alvorleg trussel mot Kim Jong-un.

For dei som planlegg regimeskifte i Nord-Korea, vil alltid trenge ein passande ny leiar dei kan kontrollere.

– Eg er sikker på at CIA ville prøvd veldig hardt for å rekruttere han. Og eg trur Kim Jong-un frykta at viss fiendar som USA rekrutterte broren, så ville dei ha ein alternativ leiar å sette inn i Nord-Korea, skulle dei klare å styrte Kim Jong-un.

JAPAN TEXTBOOK DISPUTE

SPION OG DIPLOMAT: Ra Jong-yil var lenge direktør for utanlandsetterretninga til Sør-Korea. Her avbilda som ambassadør til Japan.

Foto: KATSUMI KASAHARA / Ap

– For Kim Jong-nam var ein del av Kim-familien, han hadde legitimitet, fortel den tidlegare CIA-analytikaren Sue Mi Terry.

Ho får støtte av den tidlegare sørkoreanske topp-spionen Ra Jong-Yil til BBC.

– Den noverande leiaren eliminerte ein mogeleg trussel mot trona si, men eg trur likevel ikkje det har gjort denne trona meir stabil og trygg.

– Det er ei forbanning alle tyrannar må leve med, dei kan aldri føle seg trygge.

Malaysia North Korea Kim Jong Nam

DØYANDE: Kim Jong-nam fekk atropin, men livet stod ikkje til å redde. Analytikarar er overtydde om at det var halvbroren Kim Jong-un som beordra attentatet. Drapet førte til ei diplomatisk krise mellom Nord-Korea og Malaysia.

Foto: AP
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt