Sjå direkte overføring frå Kiev
Tilhengjarane til Viktor Jusjtsjenko, som offisielt tapte presidentvalet sist søndag for nettopp Janukovitsj, seier at dei ikkje vil gi seg før styresmaktene kjenner valresultatet ugyldig.
Jusjtsjekno-tilhengjarar helsar velkomen ei gruppe unge militærkadettar som har slutta seg til dei. (Foto: Reuters/Scanpix)
Dag 5
Fleire hundre tusen Jusjtsjenko-tilhengjarar demonstrerer i dag i Kiev for femte dagen på rad. Fleire tusen av dei har samla seg rundt regjeringsbygningane, også inkludert residensen til avtroppande president Leonid Kutsjma. Målet med aksjonane er å hindre regjeringsapparatet å utføre arbeidet sitt.
Politiet held ein svært låg profil, og stadig meir tyder på at store delar av politiet og militæret støttar opposisjonen.
BBC melder også at rundt 10.000 menneske har samla seg framfor den største og viktigaste jernbanestasjonen i Kiev. Samstundes har også tilhengjarar av Viktor Janukovitsj byrja å røre på seg. Dei har samla seg til fleire demonstrasjonar, men i langt mindre målestokk enn opposisjonen.
Donetsk
Det blir meldt at fleire tusen gruvearbeidarar som støttar Janukovitsj har aksjonert i Donetsk-provinsen, der Janukovitsj kjem frå. Her har han brei støtte, og i Donetsk er det nesten ingen som følgjer oppmodingane frå opposisjonen om å leggje ned arbeidet.
Demonstrantane i sentrum av Kiev ser ikkje ut til å ville gi opp. Dei har halde ut i snart fem døgn, i snø og kulde, men engasjementet,og framfor alt, det gode humøret, er likeframtredande i dag som det var dei første dagane. Det heile er ei blanding av politisk demonstrasjon og folkefest.
I går avgjorde ukrainsk høgsterett at dei vil behandle klagen frå opposisjonen om valfusk føstkomande måndag. Samstundes gjorde domstolen det klart at det offisielle resultatet av valet ikkje var gyldig før saka er behandla av retten.
Dette tolka Viktor Jusjtsjenko og tilhengjarane hans som ein siger, og det verka som om ei vitamininnsprøyting på dei mange tusen ute i gatene.
Statsminister Viktor Janukovitsj, som vart utropt som vinnar av presidentvalet av den offisielle valkomiteen, skulda på si side høgsterett for å ha gått utover sine fullmakter.
Snurt
- Høgsterett har ingen rett til å endre valresultatet, sa Janukovitsj-talsmannen Sergej Tyhipko i går kveld, tydeleg snurt.
Elles er det stor oppbod av folk som vil mekle i striden i Kiev i dag. Polens president Aleksander Kwasniewski er på på plass, det same er EUs utanrikssjef Javier Solana. Tidlegare president i Polen, fredsprisvinnar Lech Walesa, kom alt dagen før.
Dei oransje banda og flagga har vorte symbolet på det folkelege opprøret i Ukraina. (Foto: Reuters/Scanpix)