Hopp til innhold

Derby i sjokk etter dødsbrann

Britisk politi mistenker mordbrann etter at fem born brann inne i eit hus i den engelske byen Derby fredag morgon. Ei kvinne på 28 år og ein mann på 38 år er gripne.

Naboar kjem for å legge blomster utanfor huset i Derby der fem born omkom i brann

SORG: Naboar i sorg kjem for å legge ned blomar utanfor huset i Derby der fem born omkom i brann.

Foto: DARREN STAPLES / Reuters

Lokalsamfunnet er i sjokk etter at fem born mista livet i ein brann i eit bustadhus i Derby i Nord-England fredag.

Naboar i sorg etter husbrann som drap 6 born i derby

I SORG: Lokalsamfunnet i Derby er i sorg etter at brannen tok livet av fem små born fredag.

Foto: DARREN STAPLES / Reuters

Mannskapet som prøvde å sløkkje brannen arbeidde under særs vanskelege forhold, og prøvde fåfengt å redde livet til borna i huset.

Alle var søsken

Både mannen og kvinna som er mistenkte for brannen kjem frå Derby, og dei blei gripne på to ulike stader fredag.

Borna som mista livet var i alderen fem til ti år, og var søsken. Deira 13 år gamle bror ligg kritisk skadd på sjukehus i Birmingham.

I alt seks born og to vaksne blei brakt til sjukehus for behandling.

Kjent i lokalmiljøet

Faren i familien får ros frå politiet for å ha gjort svært modige forsøk på å redde borna.

Han skal ha i alt 17 born og er ein kjent mann i lokalmiljøet som følgje av fleire TV-framføringar.

Mellom anna deltok han i ein dokumentar i 2007 saman med den tidlegare konservative parlamentarikaren Ann Widdecombe, som budde saman med familien i ei veke.

– Ingen kan kalle han ein dårleg far. Dette var trist å høyre, og mine tankar er hjå familien, seier Widdecombe i ein kommentar til tragedien.

Spesiell familiesituasjon

Politimann held vakt utanfor brannherja hus i Derby

HELD VAKT: Ein politimann held vakt utanfor bustadhuset der fem born døydde i brann.

Foto: DARREN STAPLES / Reuters

Mediemerksemda rundt familien starta i 2006 då familiefaren søkte kommunen om eit større hus der han kunne bu saman med kona si, kjærasten og deira 14 born.

Alle borna gjekk på ein katolsk barneskule i nærleiken, og skulen har sendt sine kondolansar til familien.

Kvinna som er mistenkt i samband med brannen, skal ha blitt gripen på ein annan stad i Derby enn der familien bur. Det er ikkje offentleggjort kven kvinna er.

Politiet reknar med at etterforskinga kjem til å verte lang og omfattande.

SISTE NYTT

Siste nytt