Kvinne arrestert etter dødsbrann

Fem born omkom i ein husbrann i den nordengelske byen Derby fredag. Ei kvinne i 20-åra er mistenkt for drap, ifølgje britisk politi.

Derby: Husbrann tok livet av fem born.

HELD VAKT: Ein brannmann held vakt utanfor det brannherja huset der fem born omkom, og seks andre born fekk store skader.

Foto: DARREN STAPLES / Reuters

Borna som mista livet i brannen tidleg fredag morgon, var i alderen frå fem til ti år, medan seks andre born og to vaksne vart frakta til sjukehus for behandling.

Foreldra til borna og naboar skal ha kjempa for å redde dei ut av huset under brannen. Faren i familien får ros frå politiet for å ha gjort svært modige forsøk på å redde borna.

Prøvde fåfengt å redde dei ut

Naboar i sorg etter husbrann som drap 6 born i derby

I SORG: Naboane forlet åstaden etter å ha lagt ned blomar utanfor huset der fem born døydde i den tragiske brannen.

Foto: DARREN STAPLES / Reuters

Mannskapa som prøvde å sløkkje brannen, arbeidde etter det brannvesenet opplyser under svært vanskelege forhold.

– Dei prøvde fåfengt å redde livet til borna i huset, sa Sean Frayn i grevskapet Derbyshires brannvesen.

Etter det talsmenn frå politiet fortel låg familiefaren og sov i første etasje i huset då brannen braut ut.

Vil ikkje spekulere i årsaka

Politiet ville fredag ettermiddag ikkje opplyse kva mistanken mot kvinna byggjer på, fordi etterforskinga framleis var i eit svært tidleg stadium. Politiet vil heller ikkje spekulere i årsaka til brannen enno.

Kvinna skal ha vorte gripen på ein annan stad i Derby enn der familien bur.

Ein 13-åring som kom alvorleg til skade i brannen tidleg fredag morgon, vart sendt til eit sjukehus i Birmingham der ho blir behandla av spesialistar på brannskadar.

Såg flammene i døra

Eit nabovitne fortel til den britiske avisa The Guardian at hunden hans vekte han tidleg fredag morgon.

– Eg sto opp og såg ut vindauget, og det verka tåkete, så kika eg nedover vegen og såg at ei av dørene til huset var dekt av flammer, seier nabo Joe Peel til avisa.

– Eg tok telefonen min og starta å kle på meg medan eg ringte til brannvesenet og sprang ut av huset og skreik til naboen for å vekke han.

Han sa han høyrte ei mannsstemme, men kom seg ikkje inn i huset på grunn av flammer og røyk.

– To eller tre minutt seinare såg eg flammene gå opp gjennom trappa gjennom sidevindauget av huset. Det var heilt forferdeleg, sa han.

SISTE NYTT

Siste nytt