Hopp til innhold

Ungdom i sorg etter drapet på Einár: – Det er heilt sjukt

Dei er unge, redde og rysta over at den kjende rap-artisten Einár blei skoten og drepen midt i nabolaget deira.

Filip, Einár og Klara.

I SORG: Filip (14) og Klara (18) er to av mange, mange i Sverige som no sørger over tapet av rap-artisten Einár (i midten).

Foto: Thorvald Aschim / NTB / NRK

– Det er frykteleg at så mange blir drepne. Det er ingen leik lenger, dette er på ekte.

NRK møter 14 år gamle Filip like ved staden i Hammarby i Stockholm der Nils Einar Grönberg blei drepen torsdag kveld.

Filip er ein av mange unge fans som dei siste dagane har valfarta til staden for å minnast den 19-år gamle artisten Einár.

– Eg har alltid høyrt på han og likt han. Han var så bra å høyre på uansett om eg hadde det bra eller dårleg, seier Filip.

Han vaks opp like ved der Einár blei drepen og er uroa for alt han ser og høyrer om vald og drap i heimbyen.

– Det er heilt sjukt, seier 14-åringen.

Torget i Hammarby sjöstad der Einár blei drepen.

ÅSTADEN: Hammarby sjöstad i Stockholm er vanlegvis eit svært roleg strøk.

Foto: Thorvald Aschim / NRK

– Folk er redde

Einár hadde enormt med fans i Sverige og no i helga toppar han Spotify Top 50 med låten «Dansa» som han gav ut saman med artisten Adaam.

– Einár var ein artist med eit stort potensial, det er veldig vanskeleg å forstå det som har skjedd.

Det seier 18 år gamle Klara som også har kome til staden der Einár blei skoten torsdag kveld.

– Folk er redde for gjengane i Stockholm. Sjølv føler eg meg trygg, men eg er kanskje naiv, seier Klara.

Politiet er førebels varsame med å kople drapet til kjende gjengmiljø, men utelukkar det ikkje.

– Vi driv no ei kartlegging av kva som har skjedd fram til dette mordet. Det er for tidleg å seie kva motivet skulle vere.

Det seier talsperson for politiet i Stockholm, Helena Boström Thomas.

Minner på torget i Hammarby sjöstad.

MINNER: Mange har tent lys og på anna vis heidra den drepne artisten i Hammarby i Stockholm.

Foto: Thorvald Aschim / NRK

Svært mange drap

Ho vil ikkje kommentere opplysningane om at Einár budde på hemmeleg adresse like ved der han blei drepen.

Men ho legg ikkje skjul på at dei mange skyteepisodane og drapa i den svenske hovudstaden er vanskeleg å takle for politiet.

Ifølgje svenske medium har det vore 270 skyteepisodar og 40 drap i Stockholm hittil i år.

– Vi har hatt ein veldig ulukkeleg utvikling innom dette området. Det er noko vi ønskjer å snu saman med andre samfunnsaktørar, seier Thomas.

Det er kjend at rap-kometen Einár hadde kontaktar i den kriminelle underverda i Stockholm og det vekte stor merksemd at han skal ha blitt kidnappa i 2020.

Ei kidnapping han seinare hevda var eit PR-stunt. Kravet frå kidnapparane skal ha vore 3 millioner svenske kroner.

Gata der Einar bodde før han flyttet til hemmelig adresse for ca 3 uker siden

BUDDE HER: I denne gata i den rike bydelen Södermalm budde Einár før han blei flytta til hemmeleg adresse for tre veker sidan.

Foto: Thorvald Aschim / NRK

Har patruljar ute i området

NRK sin reporter fortel om trykka stemning i Hammarby der drapet skjedde. Politiet er klare over at det kan skje nye valdshendingar. Dei er førebudde.

– Vi har førebyggjande patruljar i dette området i kveld. Dette er eit stadig pågåande arbeid i heile Stockholm der vi vil hindre slike brotsverk, seier politiet sin talsperson.

Einár vaks opp i bydelen Södermalm, ein av dei rikaste bydelane i sentrale Stockholm. Heller ikkje staden der han blei skoten, Hammarby sjöstad, er kjend som noko spesielt belasta område.

– Men slike ting skjer jo meir og meir. No skyssar foreldra mine meg og bror min i bil nesten uansett kvar eg skal. Slik var det ikkje for den eldre systera mi, seier 18-åringen Klara.

Sjølv om politiet ikkje vil stadfeste noko samband mellom drapet og gjengkriminaliteten i Stockholm, er det kjend at Einár neste veke skulle ha vitna i ei stor sak.

Reine Borglund, Stockholmspolisen

GJEKK UNDERCOVER: Politiinspektør Reine Borglund i Stockholms-politiet var sentral i opprullinga av det store kriminelle nettverket som Einár skulle vitne mot.

Foto: SVT.se

Avslørte kriminelt nettverk

Folk i det såkalla Vårbynätverket stod bak mykje av den organiserte kriminaliteten i byen frå 2010-talet og framover.

I 2020 klarte politiet å rulle opp store deler av desse gjengane, ikkje minst på grunn av samarbeid med politi i andre europeiske land.

Einár var stevna som eitt av mange vitne.

Ein av politifolka som var med på aksjonane mot Vårbynätverket var også med ut då rap-artisten Einár blei drepen torsdag kveld.

– Det blir så j ... tomt innvendig, seier politiinspektør Reine Berglund til SVT.

Han orkar ikkje lenger å sjå på valden, våpena, drapa og hemnen som rullar fram og tilbake.

– Det er ei total likegyldigheit for andre sine liv, seier han.

Sebastian Takset på Instagram

Sebastian Takset på Instagram.

– Det er frykteleg

Einár sin artistkollega, Sebastian Takset, er ein annan som har skrive si ærlege meining etter drapet i sosiale medium:

På det vesle torget i Hammarby sjöstad ligg hundrevis av blomar og andre helsingar er lagt ned til minne om Einár.

Ein 11-åring står der og kikkar bort på staden der hans musikalske helt gjekk ut av tida.

– Han var ung, svensk og hadde tekstar og songar som drog meg til han. Eg elska musikken hans. Det er frykteleg, han fortente ikkje å døy.

SISTE NYTT

Siste nytt