”Lat meg gjere det heilt klart. Det er ikkje plass til cowboyar på den blå åkeren”. Dette sa fiskeriminister Svein Ludvigsen (H) i talen sin på representantskapsmøtet i Fiskebåtredernes forbund i Ålesund 10. januar i år.
Kåre Ludvigsen er meldt til politiet for underrapportering av fangst.
Den blå åkeren er sjølvsagt havet og cowboyar er fiskarar som ikkje følgjer spelereglane. I denne talen tok Ludvigsen eit skikkeleg oppgjer med fiskarar som driv med juks. Han var klar på at ein ved å bryte lover og reglar øydelegg for næringa ein sjølv er avhengig av.
Umoral
- Å jukse er ikkje berre umoralsk, det er også uklokt. For kven er det ein lurer i slike tilfelle? Styresmaktene? Nei, ein lurer seg sjølv og fiskarkollegaene, sa han i talen sin. Han inviterte Norges Fiskarlag, Fiskebåtredernes Forbund, Fiskeri- og havbruksorganisajonane til å delta i ein felles dugnad for å få slutt på juksinga.
Rundt eit halvt år etter denne talen trekte Svein Ludvigsen sin statssekretær Solveig Strand seg frå stillinga, fordi ein av båtane i reiarlaget ho er medeigar i vart meldt til politiet for underrapportering av fangst.
Solveig Strand gjekk av som statssekretær i Fiskeridepartementet i juni i år.
Så 17. oktober kjem meldinga om at boren til fiskeriministeren, Kåre Ludvigsen, er meldt til politiet, også det for underrapportering av fangst. Mengda det er snakk om er 17 tonn.
- Om det eg har gjort er fiskejuks, så er det ulike oppfatningar om kva fiskejuks er, seier han. Elles ville han ikkje kommentere saka torsdag.
Det var Fiskeridirektoratet i Troms som melde Kåre Ludvigsen til politiet. Han var leigeskipper på ein fiskebåt då han leverte ein seifangst på 47 tonn, men rapporterte berre om 30 tonn.
Sentral i næringa
Kåre Ludvigsen er ingen kven som helst i norsk fiskerinæring. Han er blant anna nestleiar i Norsk Sildesalslag. Då Svein Ludvigsen vart utnemnd til fiskeriminister i samarbeidsregjeringa til Kjell Magne Bondevik var det mange som meinte at broren sin posisjon i Sildesalslaget kunne gjere fiskeriministeren ugild i fleire saker.
Enden på visa vart at Svein Ludvigsen skulle halde seg unna alle saker som hadde med sildesalslaget å gjere.
No har altså broren skapt nye problem for fiskeriministeren. I løpet av 2002 er altså to personar som står han nær, den første som statssekretær, den andre som nært familiemedlem, melde til politiet for fiskejuks.
Fiskeriminister Svein Ludvigsen.
Det er svært spesielt at nettopp Kåre Ludvigsen no er meldt til politiet. Tidlegare har han uttalt seg sterkt mot å jukse med innrapportering av fangst. Han har faktisk markert seg på dette området, og det var mange som reagerte på at han sjølv no er i søkjelyset.
Vi skal ikkje gløyme at Kåre Ludvigsen var leigeskipper på båten som no er meldt til politiet. Det betyr at han sikkert ikkje kjende båten ut og inn, og det kan også gjelde lastekapasiteten. Det er ikkje uvanleg med ein feilmargin på pluss minus 10 prosent, og så små feilrapporteringar blir det aldri reagert på. Her er det likevel snakk om 35 prosent for lite.
Det kan også vere vanskeleg å finne eit klart motiv for underrapporteringa. Ein fiskeskipper er avhengig av å få betalt for fisken, og ved å innrapportere mindre fangst enn det faktiske vil det vel også bli mindre pengar.
Ukultur
Folk vi har snakka med i fiskernæringa vedgår at det har vore ein slags kultur for å ikkje alltid rapportere inn alt heilt korrekt. Fusking i stor skala har aldri vore akseptert, men å kunne vere ”litt omtrentleg ” ved innrapportering har ingen sett på som noko spesielt å bry seg med.
I 1999 vart det avslørt ein del saker med alvorleg juks, og sidan har arbeidet for å bli kvitt det mange meiner er ein ukultur i næringa hatt høg prioritet.
Otto Gregussen var fiskerminister då aksjonen mot fiskefusk starta.
Dåverande fiskeriminister Otto Gregussen (Ap) starta arbeidet, og etablerte blant anna den omstridde fiskefusktelefonen. Her kunne alle som visste om fiskefusk melde frå anonymt. Fiskefusktelefonen vart ikkje godt motteken blant fiskarane, dei likte ikkje tanken om å skulle tyste på kvarandre.
Noko av det første Svein Ludvigsen gjort det då han vart fiskeriminister i Samarbeidsregjeringa i fjor haust var å fjerne fiskefusktelefonen. Han ville ikkje ha ein tystekultur i næringa. Samstundes skulle arbeidet mot fiskefusk ha topp prioritet også i den nye regjeringa sitt arbeid.
Svein Ludvigsen har gjort det klart at broren hans ikkje skal behandlast på nokon annan måte enn andre som er melde til politiet for slike ting. Alle tilfelle, uavhengig av kven som er ansvarleg for kriminalitet i fiskerinæringa, er ikkje akseptable, seier han.
Vanskeleg regelverk
Fiskeristyresmaktene har fått mykje kritikk frå fiskarhald fordi regelverket har vore komplisert og vanskeleg å forstå. I vår vart det nedsett ei særskilt arbeidsgruppe med mandat til å forenkle reglane for fiskarar. Dette arbeidet er godt i gang, og det er også etablert samarbeidsfora mellom fiskeriforvaltinga og organisasjonane i fiskerinæringa for å finne fram til gode løysingar.
Styresmaktene har lagt sterkt press på næringa for sjølv å gjere noko for å endre haldningane hos fiskarane. Det har Fiskeri- og havruksnæringa og Norges Fiskarlag teke konsekvensen av og inngått ein samarbeidsavtale med eit konsulentfirma om eit prosjekt som skal setje fokus på etikk og verdiar i næringa.
Tida vil vise om tiltaka som er sette i gang vil få ned talet på fiskefusksaker i Norge. Styresmaktene er iallefall heilt klare på at dette er noko som det må ryddast opp i. Næringsorganisasjonane synest også å vere heilt på line med styresmaktene på dette feltet.
Spørsmålet er om det er nok til å jage alle cowboyane ut av den blå åkeren.