NRK Meny
Normal

Colombia angrip FARC-geriljaen på ny

Fredsprosessen i Colombia inne i ein krise. Etter at ti soldatar vart drepne i dag startar Colombia opp att flyangrep, etter at dei stansa luftangrepa i førre månad.

COLOMBIA-ARMY-FARC-ATTACK

Colombianske soldatar fraktar bort ein drepen soldat. Colombia startar no opp att luftangrep etter at ti soldatar i dag vart drepne av FARC-geriljaen.

Foto: JUAN PABLO RUEDA / Afp

COLOMBIA-REBELS/SANTOS Colombia's President Santos speaks during a Reuters interview at the presidential palace in Bogota

Colombias president Juan Manuel Santos gir ordre om å starte opp att luftangrepa mot FARC-geriljaen.

Foto: JOSE MIGUEL GOMEZ / Reuters

– Eg har bedt styrkane om å avslutte pausen i luftangrep mot FARC inntil vidare, seier Colombias president Juan Manuel Santos.

For ein månad sidan stansa Colombia luftangrepa mot FARC-geriljaen etter 50 år med borgarkrig. Dei siste to åra har Colombia og FARC vore i fredssamtaler på Cuba. Noreg har saman med Cuba tilrettelagt for samtalane.

Brende var optimist

Dei to partane har blitt einige på ei rekkje område, men dei har så langt ikkje klart å bli einige om ein endeleg avtale.

Noregs utanriksminister Børge Brende er blant dei som var særs glade då Colombia stansa angrepa for ein månad sidan.

FARC

FARC-geriljaen består av rundt 8.000 soldatar, og har i mange tiår skapt uro i Colombia.

Foto: STRINGER/COLOMBIA / Reuters

– Fredsprosessen er inne i ein avgjerande fase. Konfliktnivået i Colombia er no lågare enn på fleire tiår, og det er gledeleg for eit sivilsamfunn som altfor lenge har lidd under konsekvensane av konflikten, sa Brende då det vart kjent at Colombia stansa sine angrep.

Ti drepne soldatar

Men no må både Brende, og alle andre som har håpa på ei positiv utvikling, innsjå at ikkje alt går knirkefritt.

Etter at soldatar i FARC-geriljaen i dagdrape ti colombianske soldatar og såra 17 andre i Cauca-provinsen, så startar altså Colombia opp att sine luftangrep.

Geriljaen har lenge ville ha ein tosidig våpenkvileavtale, men det har ikkje president Santos vore villig til å signere.

Meir enn 220.000 menneske har mista livet i løpet av den lange borgarkrigen. Millionar har også blitt drivne på flukt, og det er 5,7 millionar interntfordrivee menneske i Colombia. Ifølgje Flyktninghjelpen er det berre Syria som har fleire internt fordrive.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt