Hopp til innhold

Clinton: – Slutt å provosere

Nord-Korea må slutte å provosere Sør-Korea. Det seier den amerikanske utanriksministeren Hillary Clinton.

Clinton ber Nord-Korea slutte å provosere

Hillary Clinton på besøk i Sør-Korea.

Foto: Kim Jae-hwan / Reuters

Clinton er på besøk i den sørkoreanske hovudstaden Seoul etter at konflikten mellom dei to nabolanda har blussa opp att.

Clinton seier USA vurderer ulike måtar å stille Nord-Korea til ansvar for, etter at ein internasjonal kommisjon fastslo at dei er ansvarlege for eit torpedo-åtak i mars. Nord-Korea har seinare truga med full krig .

Må endre kurs

– Det har oppstått ei akutt krise som følgje av senkinga av marinefartøyet som krev ein sterk, men nokså kraftig reaksjon. Men på lang sikt er utfordringa å få Nord-Korea til å endre kurs, seier Clinton.

Clinton meiner det vil vere i verdssamfunnet si interesse å få Nord-Korea til å endre kurs. Ho ber også Kina om å støtte opp om dette.

– Det finst ein annan veg for Nord-Korea, og vi meiner det er interessant for alle, inkludert Kina, å overtale Nord-Korea til å endre Kurs, seier den amerikanske utanriksministeren.

Video Advarer Nord-Korea

Ventar på Kina

Kina har til no stilt seg avventande til konklusjonen om at det var Nord-Korea som stod bak senkinga av den sørkoreanske korvetten Cheonan. Det er venta at Kina vil legge ned veto mot eit forslag om sanksjonar mot Nord-Korea.

Clinton har likevel tru på at USA og Sør-Korea vil få med seg kinesarane.

– Eg trur kinesarane vil forstå alvoret i saka og vere villege til å lytte til Sør-Korea og USA, seier ho.

SISTE NYTT

Siste nytt