Brundtland om pandemien: – Vi burde vore betre førebudde

Gro Harlem Brundtland meiner verda burde vore betre førebudd på ein ny pandemi. No aukar koronasmitten i ei rekkje europeiske land. Danmark er blant fleire land som innfører strengare tiltak.

Tidligere WHO-sjef Gro Harlem Brundtland (1998 - 2003).

Tidlegare generaldirektør i WHO, Gro Harlem Brundtland meiner at verda var for dårleg førebudd på ein ny pandemi. Ho leidde WHO frå 1998 til 2003.

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Det siste døgnet er det meldt om 454 nye koronasmitta i Danmark – det høgaste talet på eitt døgn så langt. Landet innfører laurdag strenge nasjonale restriksjonar for å redusere smittespreiinga.

Mellom anna må alle restaurantar og barar i landet stengje klokka 22. Det blir òg innført strengare munnbindreglar og forbod mot samlingar med over 50 personar. Unntaket er arrangement der ein kan sitje, som har eit tak på 500 personar.

– Burde lært

Fredag deltok tidlegare WHO-sjef Gro Harlem Brundtland på WHO sin pressekonferanse om korona-situasjonen. På slutten av leiarperioden hennar, i 2002-2003, ramma sarsviruset verda.

Brundtland seier at koronapandemien har skapt kaos og fått katastrofale følgjer for helse, økonomi og sosiale og politiske forhold. Ho meiner ein burde ha lært meir av det som skjedde under sarsepidemien.

– Det har komme åtvaringar igjen og igjen dei siste ti åra. Vi burde vore betre førebudde, sa Brundtland.

lw_fUuFPnNo

I Frankrike er styresmaktene bekymra for at talet på koronadødsfall igjen stig.

Foto: Michel Euler / AP

– Uakseptabelt høgt

WHO meiner det er uakseptabelt at covid-19-pandemien krev rundt 50.000 liv i veka. Det globale dødstalet nærmar seg 1 million.

– Vi fører rundt 1,8 til 2 millioner tilfelle kvar veke på den globale statistikken over smittetilfelle, og i snitt utgjer det ein stad mellom 40.000 og 50.000 dødsfall, sa krisesjefen i WHO, Michael Ryan fredag.

Talet på påviste tilfelle nærmar seg 30,5 millionar, og dødstalet har passert 950.000.

Frankrike

I ei rekkje land fryktar ein no ytterlegare oppblomstring av smitten. Også Frankrike er uroa for utviklinga den seinaste tida. Landet har for første gong sidan i vår meldt om ein auke i talet på koronadødsfall. Denne veka har 265 koronasmitta personar døydd, samanlikna med 129 veka før.

Det er dessutan meldt om større pågang på sjukehusa i landet.

Island

Også Island strammar inn som følgje av auka smitte. Det er mellom anna bestemt at alle barar og utestader i hovudstaden Reykjavík må halde stengt dei neste fire dagane.

Den siste veka har Island meldt om 59 nye smittetilfelle, og 58 er knytte til hovudstadsregionen.

GXY6bLrHN8s

Folk i London stod fredag i kø ved eit koronatestsenter. No åtvarar helseministeren i landet Matt Hancock om at ei ny nasjonal nedstenging kan bli nødvendig.

Foto: Kirsty O'Connor / AP

Storbritannia

Storbritannia ser heller ikkje bort frå at det kan bli innført ei ny nasjonal nedstenging.

– Vi er klare til å gjere det som trengst for å verne liv og det som er livsgrunnlaget til innbyggjarane våre, sa helseminister Matt Hancock fredag.

Same dag tredde regionale nedstengingar i kraft nordaust i England. Tiltaka påverkar rundt 2 millionar menneske i områda rundt byen Newcastle. Måndag vedtok styresmaktene òg eit forbod mot samlingar på meir enn seks personar.

Samtidig opplyser regjeringa at det vil bli innført nye tiltak i delar av Midlands og West Yorkshire frå tysdag.

Spania

I Spania åtvarar helsearbeidarar om at sjukehusa manglar kapasitet til å behandle alvorleg koronasjuke pasientar, melder nyheitsbyrået AFP.

Fredag blei det òg innført delvis nedstenging i Madrid som følgje av auka smittespreiing. Over 850.000 innbyggjarar i hovudstadsregionen blir ramma.

Frå måndag er det berre lov å forlate si «sone» for å gå på jobb, få helsehjelp eller ta borna til skulen, opplyser regionregjeringa.

Folk kan flytte seg fritt innanfor sona, men ingen utanfrå får sleppe inn. Alle barar og restaurantar må halvere kapasiteten. Dei strenge tiltaka skal vare i to veker.

I heile hovudstadsregionen blir det samtidig forbod mot samlingar med meir enn seks personar. I dag er grensa ti.

Smittespreiinga i Madrid-regionen er rundt seks gonger høgare enn i resten av landet. Militære telt er sette opp ved eit militærsjukehus i Madrid der koronapasientar skal få behandling. Målet er å avlaste sjukehuset i byen, opplyser nyheitsbyrået AP.

qGtCd4kJwPc

Militære telt er sett opp for å ta hand om koronapasientar i Madrid.

Foto: Manu Fernandez / AP

Verst i Spania

Spania har for tida den alvorlegaste smittespreiinga i EU/EØS, med 292 nye smitta per 100.000 innbyggjarar siste to veker.

Det tilsvarande talet for Frankrike er 172, Danmark 69, Storbritannia 62 og Island 22.

Noreg og Sverige har påvist høvesvis 27 og 30 smittetilfelle per 100.000 innbyggjarar dei siste 14 dagane.

– Kan unngå ny pandemi

Den tidlegare generaldirektøren er no med på å gi råd til WHO. Gro Harlem Brundtland trur at verda kan unngå ein ny pandemi dersom ein no lærer av det som skjer, og tek nødvendig forholdsreglar saman.

– Vi kan ikkje takle desse utfordringane viss vi ikkje samarbeider. Ingen av oss er trygge før vi alle er trygge, sa ho.

Status Norge

Sist oppdatert: 26.10.2020
1 200
Siste uke
54
Innlagt
279
Døde

SISTE NYTT

Siste nytt