Brukte tåregass og vasskanonar mot demonstrantar

Fleire hundre demonstrantar hadde samla seg torsdag kveld i sentrum av Beirut for å protestere mot regjeringa og ei langvarig søppelkrise som dei meiner trugar folkehelsa.

Demonstrasjonar i Beirut

SPRAYAR NED DEMONSTRANTANE: Libanesiske tryggingsstyrker sette inn vasskanonar mot demonstrantane i Beirut torsdag kveld.

Foto: Hussein Malla / Ap

– Dette er ikkje ei politisk sak, dette er ei helsesak, som angår heile landet, sa ein av demonstrantane til nyhendebyrået AFP.

Protestane torsdag starta fredeleg, men etter kvart gjekk tryggingsstyrker inn med tåregass og vasskanonar, etter at demonstrantane prøvde å fjerne tryggingsbarrierer og blokkerte ein av dei sentrale vegane inn til Beirut.

– Det er avskyeleg at medan vi lir under vassmangel i landet og må betale ekstra fordi regjeringa ikkje kan sørge for denne grunnleggande retten, har regjeringa tydelegvis nok vatn til vasskanonane dei bruker mot oss, sa Nidal, ein av demonstrantane til Al Jazeera.

Laster Twitter-innhold

«De stinkar»

Bakgrunnen for krisa er stenginga av den største søppelfyllinga i Beirut-området i juli etter at landets politikarar, som er meir splitta enn på lenge, ikkje klarte å verte einige om kvar ein skulle dumpe avfallet. Dette har ført til at søppelet hopar seg opp i gatene, på parkeringsplassar og langs elvebreidda.

Demonstrantane, som står bak kampanjen "De stinkar", har dei siste månadene arrangert fleire slike protestar. Dei fryktar at søppelet saman med regnsesongen vil spreie sjukdommar som kolera blant innbyggarane.

Vaklande regjering

Tammam Salam, Libanons statsminister

KRITISERT: Statsminister Tammam Salam har vore statsminister sidan 2014.

Foto: MIKE SEGAR / Reuters

Regjeringa kom i september med ein plan for å løyse søppelkrisa, men dette var ikkje nok, ifølge demonstrantane. I protestane har det også vorte flagga generell misnøye med det dei meiner er manglande politisk handlekraft, og dei meiner regjeringa bør gå av.

Styret i landet har lenge vore skjørt, og landet har vore utan president sidan mai 2014. Det er stor usemje mellom dei ulike fraksjonane i samlingsregjeringa under statsminister Tammam Salam. Nokre av hans motstandarar innanfor regjeringa har kritisert det dei meiner er overdriven maktbruk frå tryggingsstyrkane.

Presidentvalget kort forklart

3. november 2020 velger USA sin neste president. President Donald Trump stiller til gjenvalg for Republikanerne. Joe Biden stiller som presidentkandidat for Demokratene. Rekordmange amerikanere stemmer via post i år, og vi vet ikke når resultatet blir klart. Trump sier han ikke stoler på poststemmene. Samtidig mener Demokratene at man skal bruke lenger tid enn vanlig på å telle opp nettopp disse. Mange frykter kaos i ukene etter valget. Hva skjer om Trump ikke aksepterer et nederlag?
Grupper som Proud boys og Antifa har fått mye oppmerksomhet den siste tiden. Den ekstremistiske hatgruppen Proud boys jublet da president Donald Trump sa «stand back and stand by» i den første presidentdebatten. Samtidig forbereder Boogaloo bois seg på borgerkrig, mens medlemmer av Antifa på venstresiden er villige til å bruke vold i kampen mot rasister og fascister. Kan valget utløse en krig mellom disse gruppene? Og er de farlige?
3. november 2020 velger amerikanerne sin neste president. Donald Trump stiller til gjenvalg for Republikanerne. Joe Biden stiller som presidentkandidat for Demokratene. Ved forrige presidentvalg vant Trump til tross for at Hillary Clinton fikk flest stemmer. Hvordan kan det skje? Her er to ting du må vite for å forstå USA-valget.

SISTE NYTT

Siste nytt