Den britiske avisa melde tysdag at atomanlegget Sellafield nordvest i England er i kritisk stand. Anlegget lagrar og behandlar atomavfall, og er det største av sitt slag i Europa.
Journalistane viser til interne dokument som blei sende til styret i bedrifta i november 2022.
Der skal det stå at ein stor silo med radioaktivt avfall lek, og lekkasjen vil sannsynlegvis vara heilt til 2050.
Atomanlegget blir omtalt av The Guardian som «Europa sitt farlegaste», men selskapet som driftar Sellafield avviser at lekkasjen er farleg for vanlege folk.
Rapporten The Guardian viser til skal innehalda andre tryggingsbekymringar ved anlegget, som avisa beskriv som dårleg heldt ved like og nedbroten.
Foto: ODD ANDERSEN / AFP– Alle problema som The Guardian viser til er kjende for oss og blir handterte med støtte frå vår kontrollør, skriv dei i eit utsegn på den britiske regjeringa si nettside.
– Det finst ikkje nokon auka risiko for offentlegheita som følge av problema.
Sellafield Ltd skriv vidare at dei held på med å fjerne gammalt radioaktivt avfall frå ei rekke av sine bygg, blant dei to som blir nemnde i artikkelen.
– Anlegga våre sin natur gjer at fram til vi fullfører dette oppdraget, vil dei mest utsette bygga alltid medføre ein risiko.
Hevdar at Noreg kan bli råka av utslepp
Saka har ført til diplomatiske spenningar mellom Storbritannia og land som Noreg, USA og Irland, melder The Guardian vidare.
Den hevdar at norske styresmakter fryktar ei eventuell atomulykke, og at ho kan føra til ei sky med radioaktive partiklar som blir frakta med vinden til Noreg.
Ein sannsynsbasert modell publisert av norske ekspertar i 2021 viser at ei slik sky vil no Vest- og Sør-Noreg på under tolv timar:
Denne modellen frå 1986, attskapt i 2021, er utvikla av DSA, Norsk Meteorologisk institutt og NMBU.
Foto: DSA/NMBU/Norsk meteorologisk instituttMen leiaren av prosjektet som forma ut og analyserte spreiingsfaren til Noreg, seier til NRK at det skal eit heilt anna type utslepp til for å skape ein slik effekt.
Ho meiner derfor at modellen The Guardian har brukt, og som blir gitt att her, er misvisande. Meir om dette kan du lese nedst i denne artikkelen.
Norsk tryggingsstyresmakt kjenner seg ikkje igjen
Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) i Noreg var nyleg på besøk ved atomanlegget.
– På generelt grunnlag er Noreg bekymra for potensielle ulykker og utslepp frå anlegg i alle nærområda våre, skriv DSA i ein e-post til NRK.
– Det har historisk sett vore store utfordringar knytt til Sellafield, og samtidig er den dominerande vindretninga mot Noreg.
I denne hallen på Sellafield-anlegget blir konteinarar med radioaktivt avfall senka ned i ein dam for nedkjøling.
DSA skriv likevel at dei ikkje kjenner seg igjen i påstandane til The Guardian om eit svekka forhold.
– Noregs forhold til Storbritannia er tett og nært når det gjeld atomtryggleik.
– Vi har gjensidig informasjonsutveksling og deler erfaringar jamleg, og vi blir godt informerte av britiske styresmakter.
Dei seier dei opplever at britane tek utfordringane på Sellafield på største alvor, og at tryggleiken på anlegget blir prioritert.
Heller ikkje norsk UD er einige i det den britiske avisa har skrive.
– Vi kjenner oss ikkje att i denne skildringa. Forholdet mellom Storbritannia og Noreg er tett og nært, også når det gjeld atomtryggleik.
Sellafield er eit seks kvadratkilometer stort atomanlegg med omtrent 11.000 tilsette.
Foto: DAVID MOIR / ReutersSvært farleg, lite sannsyn
Det var også ved Sellafield at Storbritannias hittil verste atomulykke skjedde, etter at det oppstod ein brann i ein reaktor i 1957. Den gong heitte anlegget Windscale.
Atomanlegget har hatt ei rekkje alvorlege hendingar som i mange tilfelle har ført til radioaktive utslepp sidan 1950-talet.
Sellafield har tidlegare bidrege til radioaktiv forureining av norskekysten, ifølgje ein DSA-rapport frå 2003.
Naturen hadde i fjor fått heilt overhand i underhaldningsparken ved Tsjernobyl. Ser du nøya etter står der ein berg-og-dal-bane og fem radiostyrte bilar.
Foto: DIMITAR DILKOFF / AFPSellafield inneheld mykje meir radioaktivt materiale enn Tsjernobyl-anlegget i det som i dag er Ukraina.
DSA har tidlegare åtvara om at eit utslepp frå Sellafield kan få sju gongar større konsekvensar for Noreg enn ulykka på atomkraftverket Tsjernobyl i 1986.
Men forskarane NRK har snakka med seier at sannsynet er lite for at ulukka faktisk skjer.
– Må ei heilt anna, stor atomulukke til
Årsaka til at ei norsk forskargruppe forma ut eit hypotetisk Sellafield-utslepp for nokre år sidan, var at ei slik radioaktiv sky ville hatt heilt andre konsekvensar for Vest- og Sørlandet enn den frå Tsjernobyl.
Professor emerita Brit Salbu har fram til nyleg leidd Salbu NMBU senter for miljø-radioaktivitet (CERAD).
Foto: Håkon SparreDenne trefte nemleg Midt-Noreg der geografien er heilt annleis, fortel prosjektleiar og pensjonert professor Brit Salbu ved NMBU.
– Vi har stor matproduksjon på Vestlandet. Det ville derfor påverke oss på ein annan måte enn det Tsjernobyl-avfallet hadde. Det var poenget med heile arbeidet.
– Så dersom ein sau i Sogn åt gras med radioaktivt avfall i seg, så kunne vi ikkje ete den sauen?
– I alle fall så måtte den sauen gått på reint for ei god stund før du kunne ete den. Slik har det vore etter Tsjernobyl-ulukka også.
Men Salbu presiserer: det skal eit heilt anna utslepp til enn det The Guardian rapporterer om for at Noreg skulle oppleve nokon slags effekt.
NRK møtte familien Ødegården i 2016, som ikkje lenger kan sende dyra sine ut til å beite på stølen. Det området er framleis ureina av radioaktivt avfall frå Tsjernobyl.
Foto: Lars Erik SkrefsrudSalbu meiner at den britiske avisa brukar sky-modellen i ein misvisande kontekst, fordi lekkasjen består av radioaktivt vatn som blir oppløyst i havet lokalt.
– Det må ei heilt anna, stor atomulukke til før det skal ha noko å seie for Noreg.
– Då må det vere ein eksplosjon som bringar avfallet høgt opp i lufta. Så kan partiklane bli transporterte med vinden mot Noreg, dersom vindretninga går den vegen. Då kan det kome, men ein lekkasje lokalt i Sellafield kan aldri nå Noreg.