Hopp til innhold

– Eg skal aldri høyre på Abba igjen. Eg likte ikkje dei frå før, så det var tortur

Elektrosjokk, knivstikk og Abba på full guffe. Briten Shaun Pinner er glad han no er fri frå russisk fangenskap.

Shaun Pinner

TEKEN TIL FANGE: Shaun Pinner vart teken til fange og dømd til døden av russisk-støtta separatistar i Donetsk for å vere utanlands leigesoldat.

Foto: - / AFP

Sist veke vart fem britiske krigsfangar sett fri av Russland etter forhandlingar med Ukraina, skriv Reuters.

Ein av dei var Shaun Pinner. Han vart teken til fange og dømd til døden av russisk-støtta separatistar i Donetsk for å vere utanlands leigesoldat.

– Eg trudde eg skulle døy. Det var eit helvete på jord, seier 48-åringen i eit intervju med The Sun søndag.

Avisa skriv at Pinner fekk elektrosjokk og vart knivstukken i fangenskap. Han måtte også høyre Abba sin «Mamma Mia» 24 timar i strekk.

– Eg skal aldri høyre på Abba igjen. Eg likte ikkje dei frå før, så det var tortur, seier han.

Måtte høyre på Cher

Han vart sett fri i det som skal vere den største fangeutvekslinga mellom Russland og Ukraina sidan februar. Rundt 300 krigsfangar skal vere lauslatne, skriv Sky News.

Etter at Pinner vart dømd til døden i juni, vart han saman med marokkanske Brahim Saadum og britiske Aiden Aslin flytta til eit anna fengsel.

– Der var forholda betre, men dei spelte framleis musikk. Denne gangen var det Believe av Cher.

Etter seks månadar slapp han fri og er no heime i England, skriv The Sun.

Britain ABBA Premiere

Bruk av høg lyd er ein kjend torturmetode. Britiske krigsfangar fortel at dei blant anna måtte høyre på Abba i time etter time.

Foto: Alberto Pezzali / AP

Måtte høyre på Sovjet-songar

Fleire av dei fem britiske krigsfangane har delt sine historier i britisk presse dei siste dagane.

Aiden Aslin, som vart dømd til døden på same tid som Pinner, har sagt til The Sun at han vart banka opp, knivstukke, og tvunge til å høyre på songar frå Sovjetunionen 24 timar om dagen.

I 2018 flytta 28-åringen til Ukraina og forlova seg med Diane Okovya. Han starta å jobbe for militæret, og kjempa på ukrainsk side då Russland invaderte landet i februar.

Briten John Harding bak gitter i Donetsk i Ukraina.

John Harding er ein av krigsfangane som er sleppt fri.

Foto: ALEXANDER ERMOCHENKO / Reuters

John Harding vart også teken som krigsfange i Donetsk og har sagt til Sky News at han blei torturert i fleire dagar.

Harding seier at i det verste åtaket låg han på bakken med henda i handjern bak ryggen, medan vakter sparka han i brystet, magen og ansiktet.

– Ein mann hoppa også på hoftene mine, seier han.

59-åringen seier han var i Ukraina for å lære ukrainske soldatar om førstehjelp.

Harding har ikkje fortalt om å bli tvunge til å høyre på musikk.

SISTE NYTT

Siste nytt