NRK Meny
Normal

Brende diskuterte ikkje menneskerettar

Måndag lanserte Amnesty International ein rapport om brutale brot på menneskerettane i Dei sameinte arabiske emirata (UAE). Den norske utanriksministeren vitja landet sist helg, men menneskerettar stod ikkje på dagsordenen.

Børge Brende

Utanriksminister Børge Brende (H) tok ikkje opp menneskerettssituasjonen i UAE då han vitja landet sist helg.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Pressetalsperson Frode Overland Andersen stadfestar overfor NRK at menneskerettar ikkje stod på programmet då utanriksminister Børge Brende (H) vitja Dei sameinte arabiske emirata sist helg.

Frode Overland Andersen er kommunikasjonsrådgjevar i UD.

Frode Overland Andersen er pressetalsmann i Utanriksdepartementet.

Foto: UD

Brende deltok på ein internasjonal konferanse i landet ved Persiabukta, der om lag 20 andre utanriksministrar og fleire FN-toppar tok del. Temaet på konferansen var tryggingsutfordringane i regionen, blant anna knytte til trusselen frå terrororganisasjonen Den islamske staten, IS.

– Dei veit kva vi meiner

Samstundes presiserer Frode Overland Andersen at Noreg tek opp menneskerettsspørsmål med UAE jamleg.

– Vi kjenner godt til menneskerettsutfordringane i Dei sameinte arabiske emirata og i andre land i regionen, og vi tek opp dette jamleg. UAE er godt kjende med dei norske synspunkta på ytringsfridom og demokratiske rettar, seier Overland Andersen til NRK.

Ina Tin i den norske avdelinga av Amnesty International sa til NRK i samband med lanseringa av rapporten om Dei sameinte arabiske emirata at ho inderleg håpte at Børge Brende hadde teke opp menneskerettsspørsmål i samtalane sine med leiarane der.

LES HEILE RAPPORTEN HER: Amnestys rapport om UAE

– Situasjonen er kritisk

Ina Tin i Amnesty International.

Ina Tin i Amnesty International meiner at menneskerettssituasjonen i Dei sameinte arabiske emirata er kritisk.

Foto: Amnesty

– Situasjonen i UAE er kritisk. Sidan 2011 har landet systematisk brukt vage lovtekstar til å straffeforfølgje alle tilløp til kritikk, sa ho blant anna.

Ina Tin fryktar at det faktum at UAE, saman med blant andre Saudi-Arabia, no er ein viktig alliert for Noreg og andre vestlege land i kampen mot terrororganisasjonen IS, så er det mindre interessant å ta opp problematiske forhold i desse landa.

– Det er mange likskapstrekk mellom Saudi-Arabia og Dei sameinte arabiske emirata. Utviklinga går i feil retning i begge landa, med stadig meir undertrykking og auka bruk av dødsstraff, seier ho.

Formel 1 i Abu Dhabi

Komande helg går billøpet Formel 1 Abu Dhabi Grand Prix i Abu Dhabi i UEA. Millionar av menneske vil følgje det spektakulære bilracet på fjernsyn, og det var med dette i tankane at Amnesty International valde å publisere rapporten sin denne veka.

Formel 1 er kanskje ikkje så stort her i landet, men internasjonalt er interessa for Formel 1 enorm.

Retting

Den opprinnelege tittelen i denne saka var utstyrt med sitatstrek, og dermed kan det tolkast som at det var eit direkte sitat frå Frode Overland Andersen at menneskerettar ikkje var på bordet under dette besøket.

Vi presiserer at Frode Overland Andersen aldri sa dette direkte, og at tittelen var vår tolking av det han sa. Her er dei direkte sitata frå pressetalsmannen:

«Formålet med utenriksministerens besøk til De forente arabiske emirater (FAE) var å delta på en internasjonal konferanse. Om lag 20 andre utenriksministre samt FN-topper deltok på konferansen som tok for seg sikkerhetsutfordringene i regionen, blant annet knyttet til trusselen fra ISIL i Syria og Irak».

«Vi kjenner godt til menneskerettighetsutfordringene i FAE og i denne regionen forøvrig, og tar dette opp på jevnlig basis. FAE er godt kjent med norske synspunkter på ytringsfrihet og demokratiske rettigheter».

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt