Hopp til innhold

Blodig bandekrig i København

Krigen mellom Hell's Angels og gjengar med innvandrarbakgrunn i København har kravd seks menneskeliv sidan august i fjor.

Frå ein skyteepisode i København i januar 2009.

Brian Sandberg vart utsett for eit attentat også i januar i år.

Foto: Kristian Linnemann, Finn Frandsen/Polfoto / AP

59 menneske er såra i angrepa og hemnangrepa, og politiet ser svært alvorleg på situasjonen.

Nye opplysningar frå Rigspolitiet i Danmark viser at det er eit angrep kvar fjerde dag, og at dei stridande partane står bak angrepa annan kvar gong, melder Berlingske Tidende.

Striden står mellom motorsykkelgjengen Hell's Angels og ungdomsgjengar med innvandrarbakgrunn.

LES OGSÅ: Voldsom skyting i København

109 skyteepisodar

Politiet opplyser at det har vore 109 episodar i bandekrigen der det har vore brukt skytevåpen. 40 personar er sikta i desse sakene, men enno er ingen dømd.

Det førebels siste kapittelet i bandekrigen var eit drapsforsøk mot Hell's Angels-leiaren Brian Sandberg på ein sushi-bar i Hellerup i utkanten av den danske hovudstaden i går kveld.

Hellerup er eit av dei mest eksklusive bustadområda i Danmark.

Sandberg vart ikkje treft av kulene, som vart avfyrte frå ein bil ute på gata, men ei av livvaktene hans vart skoten i ansiktet. Han er likevel ikkje livstruande skadd.

Livvakt for Bagger

I januar i år vart Brian Sandberg ut sett for eit angrep i København. Det vart skote mot han, men han vart ikkje treft av kulene. Han vart likevel skadd av fragmentar frå eit vindu, og vart teken til sjukehus i ein ambulanse.

Brian Sandberg er også kjend for å ha vore livvakta til den norsk-danske forretningsmannen Stein Bagger, som grunnla selskapet IT Factory, sonar no i fengsel for å ha svindla selskapet for over 500 millionar kroner.

Politiet trur bandekrigen starta som krangel om sal av narkotika, men at det har utvikla seg til også å gjelde andre typer kriminalitet, som menneskehandel og bestikkelsar.

Ære og rasisme

Seinare har det utvikla seg til krig om ære og om hemn for tidlegare episodar. Det blir også spekulert i at rasisme er ein del av biletet.

Denne teorien blir styrkt gjennom det såkalla "Sjakal-manifestet", som Hell's Angels publiserte på Internett tidlegare i år. Her går motorsykkelgjengen til harde angrep på folk med innvandrarbakgrunn, spesielt dei med arabiske anar.

SISTE NYTT

Siste nytt