Irans utanriksminister Manouchehr Mottaki stadfestar at ei kvinne som seier ho er dottera til bin Laden er på området til den saudiarabiske ambassaden.
Han seier ho står fritt til å reise frå Iran når identiteten hennar er klarlagd, og ho har dei nødvendige papira.
- Vi kan ikkje stadfeste kven ho er, men ambassaden seier at ho er dottera til bin Laden, la han til.
17 år gammal jente
Den saudiarabiske avisa Asharq Al-Awsat, skreiv tidlegare denne veka at Omar bin Laden, den fjerde eldste sonen til Al Qaida-leiaren, hadde fortalt at ei av systrene hans hadde søkt asyl i den den saudiske ambassaden i Teheran.
Det skal vere snakk om 17 år gamle Imam.
Ambassaden har stadfesta at Imam bin Laden oppheld seg der, og at ho har søkt om løyve til å reise frå Iran, utan å ha fått klarsignal frå styresmaktene.
Omar bin Laden, som bur i Qatar, seier at fem andre av syskena hans, pluss ei av konene til faren, oppheld seg i Teheran, der dei er under husarrest.
Den britiske avisa The Times har meldt at 11 av barnebarna til bin Laden også oppheld seg på same staden i Teheran.
Flykta frå Afghanistan
Desse familiemedlemene skal ha flykta frå Afghanistan like før terrorangrepa mot USA 11. september 2001. Dei skal ha teke seg til den iranske grensa til fots, der dei vart teke hand om at iranske soldatar og førde til staden der dei oppheld seg no.
I husarresten i Teheran skal familemedlemene ha levd eit tilnærma normalt liv, men dei fekk sjeldan forlate huset for å handle og liknande.
Likevel har altså 17 år gamle Imam greidd å stikke frå ein slik sjeldan handletur, og ho tok seg til den saudiarabiske ambassaden, skriv The Times.
Mange born og koner
Osama bin Laden skal ha 19 born med fleire ulike koner. Han tok med seg minst ei av konene og fleire born då han på slutten av 1990-talet reiste frå Sudan til Afghanistan.
Osama bin Laden er opprinneleg frå Saudi-Arabia, der faren hans var ein rik entreprenør og forretningsmann. Senior hadde over 50 born og eit ukjent tal koner.
Han grunnla det enorme selskapet Binladen Group, som har vore eit dominerande entreprenørselskap i Saudi-Arabia.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: