Saka vart utsett fordi Berlusconi skulle delta på eit FN-toppmøte i Roma om matvaresituasjonen i verda.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Den første av fleire rettssaker mot Silvio Berlusconi skulle ha starta i Milano i dag. Etter at statsministeren miste den juridiske immuniteten sin tidlegare i haust, står nærmast sakene i kø.
Saka som no er utsett til januar 2010 handlar om skattesvindel og underslag i samband med transaksjonar i media-giganten Mediaset på 1990-talet..
Berlusconi er tiltalt saman med 12 andre i denne saka. Saka starta i fjor haust, men vart avbroten av ei ny lov som sikra den sitjande statsministeren juridisk immunitet.
Etter at den italienske grunnlovsdomstolen erklærte denne lova ugyldig, må Berlusconi belage seg på å møte for retten igjen.
Og alt 27. november er det beramma ei ny rettssak med Berlusconi på tiltalebenken. Her er den italienske statsminsteren tiltalt for å ha å ha betalt ein britisk advokat 600.000 dollar for å vitne falsk i saker mot Mediaset. Begge to nektar for dette, men den britiske advokaten er alt dømd til fire og eit halvt år i fengsel.