Hopp til innhold

Begge slapp unna dødsstraff

Dei har begge vore dødsdømde og sona over 15 år i fengsel for drap dei ikkje har gjort. Ho i USA, han i Irland. Ekteparet Sunny Jacobs (68) og Peter Pringle (73) klarte å overtyde kvar sin domstol om at dei var uskuldige før det var for seint.

Sunny Jacobs (68) satt i baksetet sammen med sine to små barn da sjåføren skjøt og drepte to politimenn. Etterpå la drapsmannen skylden på Jacobsen og hennes ektemann. Ektemannen ble henrettet, mens Sunny etter 17 år klarte å bevise sin uskyld. Nå kjemper hun mot dødstraff.

USKYLDIG DØDSDØMT: Etter 17 år slapp Sunny Jacobsen fri. Hennes historie er hjerteskjærende.

Sunny Jacobs og Peter Pringle

Amerikanske Sunny Jacobs og irske Peter Pringle var begge uskyldig dødsdømt. Saman driv dei eit senter for tidlegare fangar.

Foto: Svein Ommundsen / NRK

Sunny Jacobs og den dåverande ektemannen Jesse var på feil stad, til feil tid. I 1976 vart ho dømt til døden for drap ho ikkje var skuldig i. Det fatale skjedde medan ho sov i baksetet i ein parkert bil, saman med sonen på ni år og dottera på ti månader.

Ein politipatrulje som kom forbi drog ektemannen og ein kjenning ut av bilen etter at dei hadde observert at dei hadde våpen.

I ei skotveksling vart dei to politimennene drepne. Mannen som seinare tok på seg skulda, peikte den gongen ut Sunny og ektemannen Jesse som dei skuldige.

Sunny Jacobs

Sunny Jacobs var dødsdømd for drapet på to politimenn. Det tok 17 år før ho klarte å bevise at ho var uskyldig.

Foto: Ann-Iren Finstad / NRK

– Ting går ikkje alltid som planlagt. Både mannen min Jesse og eg blei dømde til døden, fortel ho.

Mannen hennar, Jesse, vart avretta. I 17 år kunne ho berre drøyme om å kjenne vinden som ruska i håret, eller vere nær sine eigne born.

Som einaste kvinne på dødscelle i USA, blei ho sett i isolasjon i fem år.

– Eg var sint, redd og forvirra. Etter kvart fekk eg ta i mot og sende brev. Eg fann ut at eg ikkje kunne tru på det håplause, og bestemte meg difor for å tru på Gud.

Venta på døden

På same tid, langt unna i Irland, opplevde fiskaren Peter Pringle eit liknande drama. Han blei dømt til døden for eit drap på ein politimann i 1980. I 15 år sat han på dødscella.

Peter Pringle

Peter Pringle førte si eiga sak for retten for å bli frikjent. Då hadde han vore dødsdømd i 15 år.

Foto: Ann-Iren Finstad / NRK

– Det var ein forferdeleg situasjon å vere i, seier Pringle.

Han fortel korleis han måtte vente på døden. I starten passa minst to fangevaktarar til ei kvar tid på at han ikkje skulle ta sitt eige liv.

– Når staten bestemte at du skulle bli avretta, reserverte dei seg retten til å ta livet ditt. Du fekk ikkje gjere det sjølv.

Medan han venta på døden, sat fangevaktarar på cella hans og diskuterte kva rolle dei skulle ha i avrettinga. Om dei skulle få ekstra pengar for å gjere jobben og kven av dei som skulle sjekke om nakken hans var knekt etter henginga.

– Den samtalen skjedde som om eg ikkje var der. Som om eg ikkje var eit menneske. Fangevaktarane skulle ikkje prate med fangane. Dei skulle ikkje vere venlege mot fangane, for då kunne det bli vanskeleg for dei å drepe den personen, fortel Pringle.

I årevis las han seg opp på irske lover. Til slutt førte han si eiga sak for retten. Han lukkast og blei frikjent i 1995 av irsk høgsterett.

Felles skjebne – felles framtid

Livet kan ta ei ny vending. Sunny Jacobs og Peter Pringle fann lukka og kvarandre. I 2011 gifta dei seg i New York. No kjempar dei for å hjelpe andre gjennom The Sunnycenter. Denne veka er dei Oslo for å delta på ein kongress om dødsstraff.

Sunny Jacobs og Peter Pringle

Sunny Jacobs og Peter Pringle kjempar mot dødsstraff og fortel sine historier. I 2011 gifta dei seg i New York.

Foto: Privat

– Drap er aldri svaret. Drap løyser aldri noko. Fred og kjærleik er svaret. Det er vår bodskap, seier dei to.

Saman har dei utvikla sine felles interesser for yoga, meditasjon og vegetariansk mat. Og dei deler med andre, den livsvisdomen som følgjer med når ein har opplevd stor urett.

I 2015 var det for første gang færre land uten enn med dødsstraff. Samtidig ble flere henrettet dette året enn siden 1989.

DRAMATISK ØKNING: Antallet henrettelser i 2015 var det høyeste på 25 år. Disse landene henrettet flest.

SISTE NYTT

Siste nytt