Både siger og nederlag for Boris Johnson

LONDON (NRK): Utmeldingsavtalen til statsminister Boris Johnson har fått fleirtal i Underhuset i det britiske parlamentet. Tidsplanen hans vart derimot nedstemt, og resultatet kan bli nyval.

Boris Johnson.

Både siger og nederlag for Boris Johnson i parlamentet tysdag kveld.

Foto: Ho / AFP

Dermed har altså Underhuset i parlamentet røysta for brexitavtalen, men mot tidsplanen. Boris Johnson har lova britane å gå ut av EU 31. oktober. 329 røysta for brexitavtalen, medan 299 røysta imot.

Jeremy Corbyn.

Labour-leiar Jeremy Corbyn ber statsminister Boris Johnson om å samarbeide med opposisjonen om brexitprosessen vidare.

Foto: Ho / AFP

I den andre avrøystinga sa 322 representantar nei til regjeringa sin tidsplan for brexit, medan 308 røysta ja. I regjeringa sitt forslag skulle alt vere klart innan førstkomande torsdag. Dermed vart det både siger og nederlag i løpet av kort tid for den britiske statsministeren.

Kan bli utsetjing

Dette betyr at brexitdagen 31. oktober kan bli ytterlegare utsett. Årsaka er at politikarane har høve til å endre lova ved å kome med nye lovforslag. Det kan blant anna føre til at det blir ei ny folkerøysting.

Boris Johnson sa rett etterpå at han ikkje har endra meining.

– Politikken vår er ikkje endra. Vi skal ut av EU 31. oktober, sa han i parlamentet. Han gjer det likevel klart at han kjem til å diskutere med leiarane i EU om kva dei skal gjere framover.

Underhuset i Det britiske parlamentet.

Hektisk aktivitet i Underhuset i Det britiske parlamentet tysdag kveld.

Foto: Ho / AFP

Ifølgje fleire britiske nyheitsmedium har Boris Johnson trua med å vrake heile avtalen med EU, dersom han tapte avrøystinga i Underhuset i kveld. Då er einaste utvegen å skrive ut nyval, sa han tidlegare i kveld.

Johnson sa i debatten at dersom parlamentet godtok avtalen med EU; så vil Storbritannia gå ut av den europeiske fellesskapen som planlagt 31. oktober.

Politisk audmjuking

Mykje kan tyde på at fleire av dei som røysta ja til brexitavtalen, i realiteten gjorde det for å kunne stikke kjeppar i hjula for Boris Johnson seinare. Det at han ikkje fekk fleirtal for tidsplanen er ei stor politisk audmjuking for statsministeren.

Han har trua med nyval, men det verkar umogleg for han å få to-tredels fleirtal for eit nyval. Det største opposisjonspartiet Labour kjem ikkje til å støtte det.

Det som har skjedd i parlamentet i kveld kan likevel på sikt styrkje Boris Johnson. Han kan framstille seg som den politikaren som har gjort det han kan for å følgje folkeviljen ved å ville gå ut av EU så raskt som mogleg.

Det britiske folket sa ja til å forlate EU i ei folkerøysting i 2016.

– Barnsleg utpressing

Representantar for opposisjonen seier til BBC at trusselen om nyval er ei «barnsleg utpressing» av parlamentet.

Parlamentet nekta sist laurdag å godkjenne avtalen med EU, som statsminister Boris Johnson og regjeringa hans har forhandla fram. Underhuset tvang regjeringa til å presentere dei naudsynte lovendringane før det blir snakk om å røyste om avtaleteksten.

Seint måndag kveld la regjeringa fram eit lovforslag, som er bindande og kan endrast i parlamentet. Det er dette lovforslaget som Underhuset i parlamentet har røysta over i kveld.

Boris Johnson.

Statsminister Boris Johnson i aksjon i parlamentet tysdag kveld.

Foto: Ho / AFP

Mogleg nyval

Det har vore spekulert om at Boris Johnson vil skrive ut nyval om han tapar avrøystinga. Ei kjelde seier til den britiske fjernsynsstasjonen ITV at same kva resultatet blir, så vil Boris Johnson gjere det klart overfor EU at Storbritannia skal ut av unionen 31. oktober.

Frankrikes utanriksminister Jean-Yves Le Drian har sagt at han er lite lysten på ei ny brexit-utsetjing. Han meiner det viktigaste no er at britane så fort som mogleg bestemmer seg om dei vil seie ja eller nei til den avtalen.

Det største opposisjonspartiet, Labour, har ifølgje nyheitsbyrået Reuters skrive eit brev til regjeringa der dei gjer det klart at dei kan vere med på å diskutere ein alternativ tidsplan for brexit.

Motvillig Johnson ba EU om brexit-utsettelse

SISTE NYTT

Siste nytt