Hopp til innhold

Avviste ny Polanski-anke

Ein appelldomstol i California har avvist eit krav frå filmskaparen Roman Polanski om at saka mot han må avvisast.

Roman Polanski

Roman Polanski kan bli utlevert til USA.

Foto: Michel Euler / Scanpix/AP

LES OGSÅ: Flyttes av sikkerhetsgrunner

LES OGSÅ: Domstol godtar kausjon for Roman Polanski

LES OGSÅ: Offeret vil la Polanski gå fri

LES OGSÅ: USA krever at Polanski utleveres

LES OGSÅ: Polanski mister fransk støtte

Likevel vil domstolen ha ei rask gransking av det Polanski sine advokatar meiner er feil bruk av lova under den tidlegare behandlinga av saka.

Det var tidlegare denne månaden at advokatane til den polsk-amerikanske filmskaparen bad appelldomstolen om at den 31 år gamle saka mot Polandski vart avvist, på bakgrunn av det dei meiner er alvorlege juridiske feil som er gjorde tidlegare.

Det var i 1978 at Roman Polanski måtte flykte frå USA, etter at han vart tiltalt for å ha hatt seksuell omgang med ei då 13 år gammal jente.

Polanski, som er kjend for filmar som "Chinatown" og "The Piano", har sidan 1978 vore busett i Frankrike. Han vart arrestert av sveitsisk politi då han deltok på ein filmfestival der i september, og han har sidan vore i husarrest der.

No fryktar den verdskjende filmregissøren å bli utlevert til USA, der han fryktar han kan bli dømd til ei streng straff for hendinga i 1978.

SISTE NYTT

Siste nytt

Flere videoer i sosiale medier viser samme hendelse, som alle samsvarer med beskrivelsen av hendelsen, våpenet og området det skjedde. Videoen er verifisert av bl.a. BBC.

Britisk politi: Ein død etter angrep med stikkvåpen i London

Ein 14 år gammal gut døydde etter sverdangrepet i London. Det opplyser britisk politi.

Disse videoen fra Twitter skal vise stormingen av Hamilton Hall

Gaza-demonstrasjon i USA: Har barrikadert universitetsbygg på Columbia

New York-universiteta Cornell og Columbia har byrja å straffe studentane sine for teltleirane ved campus. På det siste svarte studentane med barrikadar.